Urin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Urinprøve på glas.

Urin, uformelt piss eller tiss, er ei avfallsvæske som blir skild ut i nyrene og samla opp i urinblæra, for deretter å førast ut av kroppen via urinrøyret. Det er ei gjennomsiktig væske som kan vera fargelaus til oransjegul, men vanlegvis er svakt gulfarga. Væska er ei vassløysing med diverse avfallsstoff frå stoffskiftet (særleg urea), salt og andre organiske stoff (særleg nitrogensambindingar) som er komne til nyrene gjennom blod og vevsvæske.

Urin er i utgangspunktet nær steril og kan drikkast, til dømes i situasjonar med vassmangel der ein vil unngå dehydrering. I løpet av kort tid i luft vil det likevel veksa mange bakteriar i den næringsrike væska, og bryta ned næringsstoffa til mellom anna ammoniakk som gjev ein lett kjennbar stank. Dei fleste menneske ser derfor på væska som urein og ekkel.

Medisinsk bruk[endre | endre wikiteksten]

Innhaldet i urinen endrar seg i samband med fleire tilstandar, og ein kan derfor bruka han til å undersøka pasientar. Ulike fargar, botnfall eller blod i urinen er nokre symptom ein har brukt til å stilla diagnose med i lang tid, noko mellom anna den greske legepioneren Hippokrates skildra. Diabetes mellitus gjev sukker i urinen, medan svangerskap fører til hormon (som choriongonadotropin) i urinen som kan påvisast i svangeskapstestar.

Urinterapi, der ein bruker urin medisinsk utvendig eller innvendig, er kjend frå fleire stader (særleg den indiske medisintradisjonen ayurveda), men er sjeldan i verdssamanheng.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]