Urinblære

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Urinblære

Medisinsk namnvesica urinaria
Klassifikasjonar og ressursar
MeSHD001743

Urinblæra (vesica urinaria) er eit blæreforma organ som er del av urinvegane. Ho har veggar som utvendig hovudsakleg består av muskelvev med bukhinne og innvendig av slimhinne. Organet samlar opp og lagrar urin, eit avfallstoff som kroppen skil ut frå nyrene. Urinblæra blir danna på fosterstadiet frå allantois, ei av fosterhinnene. Berre landlevande virveldyr har urinblære.

Tømming av urinblæra er styrt av urinblæremuskelen, som sender eit signalstoff (hormon) via sentralnervesystemet til hjernen. Når signalet vender tilbake derfrå vil blæremuskelen trekka seg saman slik at urinen blir pressa ut, samtidig som urinlukkemuskelen opnar seg og slepp urinen ut i urinrøyret.

Overaktiv blære fører til oftare vasslating og kan vera eit symptomsjukdom eller koma av medikament med vassdrivende effekt. Dersom det ikkje finst ei openberr årsak bør ein søke medisinsk råd.

Ei gjennomsnittleg menneskeblære kan halda på ca. 300–500 ml væske. Når innhaldet blir større enn dette, får ein kraftig trang til å tømma blæra.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne anatomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.