Urnes stavkyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Urnes stavkyrkje
kyrkje
Foto: Jarle Kvam
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Luster
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Indre Sogn
Sokn Solvorn
Fellesråd Luster
Lengd Skipet: 8,8 m x 6,7 m
Koret: 6,3 m x 4,4 m/3,8 m
Takhøgd i skipet: 10,7 m[1] m
Areal 0,21 
Type langkyrkje
Teknikk stavverk
Material tre
Innvigd på 1130-talet
 - Endringar noko ombygd på 1600-talet
Takryttar over vestre enden av skipet
Portal frå siste halvdel av 1000-talet
Skip treskipa
Kyrkjegard ved kyrkja
Altartavle 1699
Diverse Krossfestingsgruppe av tre frå 1100-talet.
Den eldste stavkyrkja.
På Unesco si verdsarvliste frå 1979.
Kart
Urnes stavkyrkje
61°17′53″N 7°19′21″E / 61.298055555556°N 7.3225°E / 61.298055555556; 7.3225
Wikimedia Commons: Urnes stavkirke
UNESCO si liste over verdsarv
Innskriven ved UNESCO sin 3. sesjon i 1979 som den 58. verdsarvstaden.
BakgrunnsstoffUNESCO: Urnes stavkyrkje

Urnes stavkyrkje er ei stavkyrkjeOrnes i Luster kommune i Vestland.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kyrkja vart bygd kring 1100–1150, og er rekna for å vera den eldste stavkyrkja i Noreg som er teke vare på. Dateringa, basert stilelement, peikar mot åra 1130-1160, og då Urnes stavkyrkje har ein enklare konstruksjon enn Høre stavkyrkje og Stedje stavkyrkje, kan dette tyde på at Urnes er eldre enn dei.[2] Kyrkja er ein lekk mellom den førkristne kunsten i vikingtida, med den typiske dyreornamentikken i såkalla urnesstil (namngjeve etter noko av dekoren på Urnes stavkyrkje), og den kristne stavkyrkjearkitekturen. På grunnlag av dei spora og leivningane som er funne i jorda under den noverande kyrkja under arkeologisk granskingar, meiner mange forskarar at det på same staden har vore to eller tre kyrkjer tidlegare, det vil seie på 1000-talet. Portalen i urnesstil på nordveggen i den noverande kyrkja kan vera frå ein slik tidlegare kyrkjebygning, for han har tidlegare stått i ein annan bygning, slik det syner seg av at portalvangane er tilpassa veggen ved å har vorte skorne av i toppen utan omsyn til treskurden på dei. Den eldste kyrkja på staden har truleg hatt nedgravde hjørnestolpar, veggstolpar og fire innvendige stolpar.[3]

Ei kyrkje på Ornes er første gong nemnt i 1323, då presten «sira Erlender a Ornesi» er nemnt i eit brev.[4]

Etter reformasjonen på 1500-talet blei korveggen mellom koret og skipet fjerna, og det vart opna lysgluggar. I 1607 vart veggene i koret måla. Ifølgje ein rapport frå 1665 var det då nyleg sett inn ein kvelv over alteret, men det draup likevel ned i koret og på preikestolen. I 1722 blei kyrkja skildra som «en gammel Stavekirke med Svale rundenom og et Taarn ovenpaa». Kyrkja hadde då altså framleis ein svalgang, som no er borte, unnateke på vestsida. Rundt 1850 vart kyrkja selt for 20 spesidalar. Fortidsminneforeningen kjøpte kyrkja i 1881. Dei fjerna det innlagde loftet, som ikkje var originalt, og lysgluggane frå etter reformasjonen.

Urnes stavkyrkje vart i 1979 teke med på UNESCO si verdsarvsliste.

Stavkyrkja er eigd av Fortidsminneforeningen. Ho vert nytta til kyrkjelege handlingar berre av og til.

Bilder[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Lorentz Dietrichson, De norske stavkirker (Kristiania og Kjøbenhavn, 1892)
  2. Anker, Peter (1997): Stavkirkene: deres egenart og historie. Cappelens kunstfaglige bibliotek. Oslo: Cappelen.
  3. Om tidlegare kyrkjer på staden, sjå: Krogh, Knud J. (2011): Urnesstilens kirke : forgængeren for den nuværende kirke på Urnes og Anker, Peter (1997): Stavkirkene: deres egenart og historie. Cappelens kunstfaglige bibliotek. Oslo: Cappelen.
  4. Primærkjelde i Diplomatarium Norvegicum VII, 98

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Christie, Håkon. 2009. Urnes stavkirke : den nåværende kirken på Urnes. Oslo: Pax Forlag/Riksantikvaren. ISBN 978-82-530-3245-0
  • Krogh, Knud J., Urnesstilens kirke : forgængeren for den nuværende kirke på Urnes, i serien [Kirkene på Urnes] 2, Oslo 2011: Pax Forlag ISBN 978-82-530-3400-3
  • Frøysaker, Tine, Den bemalte og forgylte kalvariegruppen fra 1100-tallet i Urnes stavkirke : konservering 2001-2003, i serien NIKU rapport – (hefte nr. 3) ISBN 82-8101-012-6

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]