Urnesstil

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bronsespenne i urnesstil frå vikingtida (1000-talet), no i Nationalmuseet, København. Denne typen spenner, som det er funne eit hundretals av i Danmark, er òg funne i Noreg.

Urnesstil er ein kunststil og ein motivkrins som vart nytta i både heiden vikingtid og tidleg kristen mellomalder i både Norden, England og Irland. Motivet er vanlegvis ein langstrekt, hjorteliknande figur i samband med eit ormeliknande dyr, men det finst òg motiv i urnesstil med berre ormeliknande vesen.

Urnesstilen har fått namn etter nokre motiv i treskurden på Urnes stavkyrkje i Sogn. Men stilen har altså opphav i heiden tid, før den noverande og den eller dei tidlegare stavkyrkjene på den same staden vart bygde, og som urnesstilmotiva vert rekna for å ha vore plassert i opphavleg, for deretter å verte sett inn i den noverande stavkyrkja då ho vart bygd.

Til liks med at motivet og stilen er nytta i kristen samanheng på denne og andre stavkyrkjer i Noreg og Norden, vart den òg nytta på andre kristne kultiske gjenstandar, som til dømes på irske krossar. Denne stilvarianten er òg å sjå på mange av dei svenske runesteinane. I Sverige vert nemninga yngre runstensstil eller runstensstil (runestein-stil) ofte nytta i staden for urnesstil.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Karlsson, Lennart, 1983. Nordisk form : om djurornamentik. Stockholm: Statens historiska museum. ISBN 91-7192-572-4
  • Krogh, Knud J., 2011. Urnesstilens kirke : forgængeren for den nuværende kirke på Urnes. Oslo: Pax Forlag. ISBN 978-82-530-3400-3

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]