Urokse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Urokse
Urokse
Urokse
Utbreiing og status
Status i verda: EX UtdøyddUtbreiinga av Urokse
Utbreiinga av Urokse
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Overorden: Laurasiatheria
Orden: Klauvdyr Artiodactyla
Familie: Kvegdyr Bovidae
Underfamilie: Bovinae
Slekt: Bos
Art: Urokse B. primigenius
Vitskapleg namn
Bos primigenius

Urokse er ein utdøydd klovdyrart i oksefamilien. Arten er rekna som opphavet til tamfe (Bos taurus), som truleg vart domestisert for om lag 10 000 år sidan. Uroksen oppstod truleg i India for kring to millionar år sidan.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Vig-uroksen frå om lag 7500 fvt. er eit av to vel bevarte urokseskjelett funne i Odsherred i Danmark. Han er utstilt på Nationalmuseet i København. Sirklane viser kvar dyret har vore såra av pilspissar.
Holemaleri av uroksar, frå Lascaux i Frankrike
Tresnitt av ein urokse som illustrasjon i ei bok frå 1556 av Sigismund von Herberstein. Teksta på latin tyder «Eg er urus, tur på polsk, aurox på tysk (tåpar kallar meg bison
Kunstgjenstandar frå 1300- og 1400-talet laga av horn frå urokse. Frå samlingane i den heilage Servatius' basilika i Maastricht i Nederland.
Ein minnestein på staden der den siste uroksen vart drepen i Jaktorów i Polen

Uroksar (urkveg) var mykje større enn tamfeet i dag. Oksen vart omkring 160-180 cm høg over bøgene, og kua omkring 150 cm.[1]

Hovudet var styrkt med lange framoverretta lyreforma kraftige horn. Kua hadde små jur, mykje mindre enn på tamkua i dag.

Uroksar treivst truleg best i dei vidstrekte skogområda med sumpar, elvedalar, deltaområde og myrhaldig grunn.

Utbreiing og utrydding[endre | endre wikiteksten]

Uroksen oppstod truleg i India for omkring to millionar år sidan. Han vandra til Midtausten i kvartærtida og kom til Europa for kring 250 000 år sidan. To komplette skjelett av arten er funne i Odsherred i Danmark.

Bestandane av urokse minka gradvis over mange hundreår. Dødsstøytet for arten var truleg jakt utført av jegerar frå overklassen. Jaktlysta til overklassen er neppe heile forklaringa på at uroksen vart utrydda, det var heller ein kombinasjon av jakt og konkurranse med andre dyr (spesielt tamfe) om næringsgrunnlaget. Til slutt handla det også om interessekonfliktar og meir eller mindre naturlege sjukdomar som vart spreidde med tamféet, som konkurrerte om det same beitelandet.

Utbreiinga dekte opphavleg landområda frå Dei britiske øyane og det sørlege Skandinavia, via det kontinentale Europa og det nordlege Afrika, til Midtausten, Sentral-Asia og India.

Europa[endre | endre wikiteksten]

Sjølve utryddingsprosessen ser ut til å ha starta sør og vest i Europa, for så å spreie seg nordaustover. På dei britiske øyane er det ikkje gjort funn som er yngre enn 1300 fvt. (tidleg bronsealder). Vergil nemnde i 30 fvt. at det framleis levde uroksar nord for Italia som vart temde. Det er også klart at romarane måtte fange og transportere uroksar til arenaene sine, noko mange tolkar dit at arten alt må ha vore utrydda i sør kring overgangen til vår tidsrekning. I Danmark forsvann uroksen frå øyane kring 5500 fvt. På Jylland først kring overgangen til vår tidsrekning. I Nederland er det ikkje gjort funn som kan daterast til tida etter 400 fvt. Frå Belgia manglar det opplysingar om arten, men i Frankrike er det overlevert at Karl den store jakta på «oksar med gigantiske horn» i 802. I grensestroka mot Sveits og Tyskland er det kjent at det fanst uroksar så seint som kring år 1000. I Tyskland finst det truverdige kjelder som hevder å ha observert urokser så seint som i 1406 og 1408.[1] Adam av Bremen hevda at det fanst uroksar i Sverige på 1000-talet, men det er uklart om det var sant eller om han berre gjenga lokale historier. Kim Aaris-Sørensen hevdar at uroksen vart utrydda i Sverige omkring 4500 fvt. I Russland vart arten truleg utrydda i det 1100- eller 1200-talet.

Asia[endre | endre wikiteksten]

Lite er kjend om utryddinga av uroksen i Sentral-Asia og India. Forskarar trur at han for det meste kan ha vorte rydda ut i pleistocen, men truleg ikkje i India. Der oppstod nemleg det domestiserte zebukveget frå denne underarten. Mohenjo-Daro-kulturen har laga bilete av tidleg zebukveg, desse er datert til 4000-2000 fvt.

Afrika og Midtausten[endre | endre wikiteksten]

Dei siste sikre kjeldene ein har om uroksen i Midtausten og Nord-Afrika kjem frå jaktturar som farao Ramses II gjorde mellom 1197 og 1165 fvt. Om turane gjekk føre seg i Egypt eller det nordlege Mesopotamia (Irak) er noko uklart, men mange trur det siste. Også kong Sankerib av Assyria skal ha jakta uroksar i det nordlege Mesopotamia i perioden 704-681 fvt. Den greske historikaren Herodotos skildrar mellom 485 og 425 fvt. uroksar i Libya som «kveg som er dømde til å beite baklengs grunna dyra sine krumma horn». Forskarane hevdar at uroksen vart utrydda i dette området i det siste tusenåret før vår tidsrekning.

Utryddinga[endre | endre wikiteksten]

På 1200-talet fanst uroksen stort sett att berre i Polen, Litauen, Moldova, Transylvania og Aust-Preussen.[2] I 1564 kunne polske skogvaktarar opplyse at det framleis fanst 38 urkveg att i dei polske skogane. For å berge arten vart det i ein periode utlyst dødsstraff for å drepe urkveg, men dette var ikkje nok til å berge arten.

Det siste kjende eksemplaret, ei ku, vart drepen i Jaktorów-skogen i Masovia i Polen, 55 km sørvest for Warszawa, i 1627.[3] Hovudskallen frå dyret vart seinare teke som krigsbytte av den svenske hæren i Karl Gustav-krigane i Polen 1655-60 og er no i Livrustkammaren i Stockholm.

Underartar[endre | endre wikiteksten]

Tre underartar er kjende. Ein av dei vart domestisert og spreidd verda rundt, medan dei to andre vart utrydda.

Heck-kveg[endre | endre wikiteksten]

Heck-kveg er avla fram for å rekonstruere uroksen.

Heck-kveg er ein eksperimentell kvegrase som er avla med tanke på å atterskape uroksen. Rasen er derfor også kjend som rekonstruert urokse. Rasen oppstod på 1900-talet, då brørne Heck frå Tyskland byrja å avle kveg med tanke på å atterskape uroksen. Heinz Heck, som arbeidde ved Hellabrunn zoologiske hage i München, starta opp i 1920, og Lutz Heck, som var direktør ved Berlin zoologiske hage og fekk god stønad frå nazistane gjennom andre verdskrig, fullførte atterskapinga.

Eksteriørmessig liknar kveget mykje, men det er ikkje like stort fysisk. Hannane kan verte opp mot 160 cm i skulderhøgde med masse typisk mindre enn 900 kg. I dag finst det omkring 2000 slike dyr i Europa, derav omkring 600 som lever vilt i Nederland.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Van Vuure, C.T. (2003). De Oeros - Het spoor terug, Cis van Vuure, Wageningen University and Research Centrum / Ministry of the Flemish Community, Brussels & Wageningen. Also available in English: Van Vuure, C.T. (2005). Retracing the Aurochs: History, Morphology and Ecology of an Extinct Wild Ox. Pensoft Publishers. Sofia-Moscow.
  2. The Extinction Website. 2007. Bos primigenius primigenius. Arkivert 2009-04-20 ved Wayback Machine. Besøkt 2012-06-24
  3. Tikhonov, A. 2008. Bos primigenius. In: IUCN 2009. IUCN Red List of Threatened Species. Version 2009.1. besøkt 22. juli 2009

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Urokse