Urs Kälin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Urs Kälin
Statsborgarskap Sveits
Fødd 26. februar 1966
Einsiedeln
Idrett alpint
Yrke alpinist

Urs Kälin (fødd 26. februar 1966) frå Bennau i Einsiedeln er ein sveitsisk tidlegare skirennar. Frå 1991 til -96 vann han tre sølvmedaljar under VM i alpint og i OL, alle i spesialgreina hans, storslalåm.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Kälin debuterte i verdscupen i alpint i januar 1989 med ein ellevteplass i eit storslalåm i Adelboden. På byrjinga av neste sesong, 30. november 1989, overraska han med å vinne verdscuprennet i storslalåm i Waterville Valley i delstaten New Hampshire i USA. Det skulle gå over seks år før den neste verdscupsigeren kom. I mellomtida kom han tre gonger på sølvplassen i storslalåmrenna i tre internasjonale meisterskap; 1991, 1994 og 1996. Under VM i 1991 måtte han sjå seg slått av Rudolf Nierlich frå Austerrike, under OL 1994 på Lillehammer kom han med tida 2.52,48 to hundredels sekund bak vinnaren Markus Wasmeier frå Tyskland, medan Kälin i VM 1996 fekk sin overmann i Alberto Tomba frå Italia.

Mellom 1989 og 1996 vann Kälin tre storslalåmrenn i verdscupen, dessutan van han ein siger i parallellslalåm. Sju gongar kom han på andreplass i verdscuprenn, tre gongar på tredjeplass. 1996-sesongen var hans beste sesong. Han vart då nummer to i storslalåmcupen av verdscupen i alpint, bak landsmannen Michael von Grünigen. Totalt i verdscupen den sesongen kom han på niandeplass, nordmannen Lasse Kjus vann.

Kälin la opp i desember 2001 grunna skade.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Verdscupsigrar[endre | endre wikiteksten]

Dato Stad Land Øving
30. november 1989 Waterville Valley USA Storslalåm
6. januar 1996 Flachau Austerrike Storslalåm
9. mars 1996 Kvitfjell Noreg Storslalåm

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]