Ursamisk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ursamisk er det urspråket som alle samiske språk stammar frå. Dette språket vart sannsynlegvis snakka i det sørlege og sørvestlege Finland og Karelen i tida rundt byrjinga av tidsrekninga vår. Denne dateringa blir argumentert for av Ante Aikio,[1][2][3] Kallio (2006), Heikkinen (2006) og Heikkilä (2014). Tidlegare forskarar, framfor alt Korhonen (i 1981), har lagt det ursamiske språket langt tidlegare. Dagens system er basert på ei datering av indoiranske, baltiske og spesielt germanske lånord i både ursamisk og ur-samisk-austersjøfinsk. Mange av desse lånorda er basert på Jorma Koivulehto sitt arbeid.

Sjølve rekonstrueringa av det ursamiske lyd- og formsystemet byggjer primært på Mikko Korhonen og Pekka Sammallahti sine arbeid[4]. Sjølv om forskinga dei siste 20 åra har revidert den absolutte kronologien for samisk språkhistorie, er sjølve rekonstruksjonen deira av ursamisk stort sett den same som den vi finn hos Korhonen og Sammallahti.

Fonologi[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå samisk språkhistorie.

Følgjande lydsystem har vorte rekonstruert for ursamisk.

Vokalar[endre | endre wikiteksten]

Følgjande vokalsystem for ursamisk, vart presentert av Ante Aikio (2004)[5]. Systema er skrive med det finskugriske lydalfabetet: Lange vokalar er notert med macron (strek) over. Symbolet ë står for IPA [ɤ].

Korte vokalar
Fremre vokal Bakre vokal
Lukka vokal i u
Midtre vokal ë, o
Open vokal
Lange vokalar
Fremre vokal Bakre vokal
Lukka-midtre vokal ie uo
Midtre vokal ē ō
Open-midtre vokal ea oa
Open vokal ā

Konsonantar[endre | endre wikiteksten]

Bilabiale konsonantar Dentale konsonantar Alveolare konsonantar Palatale konsonantar Velare konsonantar
Lukkelydar
og affrikatar
*p /p/
*pp /ʰpː/
*t /t̪/
*tt /ʰt̪ː/
*c /t͡s/
*cc /ʰt͡sː/
*ć /t͡ɕ/
*ćć /ʰt͡ɕː/
*k /k/
*kk /ʰkː/
Nasalar *m /m/
*mm /mː/
*n /n̪/
*nn /n̪ː/
*ń /ɲ/ *ŋ /ŋ/
Frikative konsonantar *δ /ð/ *s /s/
*ss /sː/
*ś /ɕ/
*śś /ɕː/
Approksimantar *v /ʋ/
*vv /ʋː/
*l /l/
*ll /lː/
*j /j/
*jj /jː/
Rullelydar *r /r/
*rr /rː/

Stadieveksling[endre | endre wikiteksten]

Stadieveksling er ein sentral fonologisk prosess i alle samiske språk bortsett frå sørsamisk, ein prosess som påverker dei aller fleste av alle konsonantsamband i samisk. Prosessen inneber at konsonanten eller konsonantane etter rotvokalen vekslar mellom to ulike former ("stadier"). Tabellen under viser nominativ og genitiv av substantivet for "fisk" (nords. guolli) og verbet for "å gå" (nords. mannat). I tabellen under ser vi at skilnaden i stadium er den einaste skilnaden mellom nominativ og genitiv, og mellom perfektum og første person presens . Viss vi så ser på dei rekonstruerte formene i ursamisk i tabellen under, ser vi korfor det er slik: I dei tilfella der stavinga etter konsonanten som vekslar er open (, ne̮) i ursamsik har vi sterkt stadium i moderne nordsamisk (ll, nn), men i tilfella der stavinga er lukka i ursamisk (lēn, ne̮m) har vi svakt stadium i nordsamisk (l, n). Det som i utgangspunktet i ursamisk var ei fonologisk lydveksling (avhenging av lydstrukturen til ordet) har dermed, på grunn av lydendringar i løpet av den språkhistoriske utviklinga vorte til ei morfologisk veksling, der stadievekslinga i seg sjølv uttrykker den grammatiske skilnaden mellom orda.

Form Ursamisk Nordsamisk Stadium
nom. sg. *kuolē guolli sterk
gen. sg. *kuolēn guoli svak
pres. 1sg. *me̮ne̮m manan svak
perf. *me̮ne̮me̮ mannan sterk
pret. 1sg. *me̮ne̮je̮m mannen sterk

Denne overgangen, frå ei fonologisk til ei morfologisk veksling, er vanleg i språkhistoriske prosessar, som når skilnaden mellom det norske ordparet sov ~ søv (for "å sove") går attende til ei eldre form *sofiR, der o > ø er resultat av i-omlyd. Mekanismene er ulike (den eine påverker konsonantar, den andre vokalar), men resultatet er i begge tilfelle eit språk der bøyingskategoriane blir uttrykt ved stammevekslingar heller enn med bøyingsendingar.

Morfologi[endre | endre wikiteksten]

Substantiv[endre | endre wikiteksten]

Kasus[endre | endre wikiteksten]

For det ursamiske kasussystemet kan vi rekonstruere nominativ *-Ø, genitiv *-n, akkusativ *-m, illativ -*je̮n. Inessiv og elativ slik vi finn det i språka sørvest for nordsamisk (t.d. sørsamisk -sne, -ste) er ein kombinasjon av suffikset *-s og lativ *-n (for inessiv) og *-s og endinga for ablativ *-ta/-tä.

Mikko Korhonen sett dermed opp dette systemet (1981):

Kasus Eintals-
suffiks
Fleirtals-
suffiks
Tyding/bruk
Nominativ *-k Subjekt, objekt for imperativ
Akkusativ *-m *-jtē Objekt
Partitiv *-tē Partielt objekt, rørsle frå
Genitiv *-n *-j Eigartilhøve
Essiv *-nē *-jnē Vere (som)
Inessiv *-snē Vere på innsida av
Elativ *-stē *-jstē Ut frå / ut av
Illativ *-s̯ën *-jtēs̯ën (N)
*-jtē (S)
*-j̯t̯ën (In)
Bort til, inn i
Komitativ *-jnē
*-jnë (In, Lu)
*-j (+ *kuojmē) I lag med, med hjelp av
Abessiv *-ptāk̯ëk - Utan, manglande

Heile dette kasussystemet kan, med eitt unntak, forklarast som eit utvikling frå eit felles urspråk som har gjeve eit tilsvarande sett av suffiks i austersjøfinsk. Unntaket er illativ eintal, som i nordsamisk er -j (jf. nominativ- og illativformene for nords. sátni : sátnái "ord", giella : gillii "språk"). Den rekonstruerte forma for dette suffikset er *-jen, jf. den tilsvarande illativforma i kaldfjordsamisk: sannajen (Korhonen 1988 s. 280). Forma som er ført opp i paradigmet (*-s̯ën) finst også i nordsamisk, men i illativformene i possessivsuffiksparadigmet: sátnásan, giellasan "til ordet mitt, til språket mitt".

Personbøying av substantiv[endre | endre wikiteksten]

Verk av Sammallahti[6] sett opp som det følgjande rekonstruerte paradigmet for ursamiske possessivsuffiksendingar.

Ursamiske possessivsuffiks [7]
Kasus Person Numerus
Singularis Dualis Pluralis
Nominativ 1. *-më *-mën *-mēk
2. *-të *-tën *-tēk
3. *-sē *-sēn *-sēk
Akkusativ 1. *-më *-mën *-mēk
2. *-mtë *-mtën *-mtēk
3. *-msē *-msēn *-msēk
Oblik 1. *-në *-nën *-nēk
2. *-ntë *-ntën *-ntēk
3. *-ssē *-ssēn *-ssēk

Adjektiv[endre | endre wikiteksten]

Attributtforma vi finn i dagens samiske språk går attende til ursamisk.

Verb[endre | endre wikiteksten]

Dei rekonstruerte verbparadigmene for ursamisk viser eit meir agglutinerande språk enn dei moderne samiske språka.

Tempus[endre | endre wikiteksten]

Formativen for tempus (-i-/-j-). Dei er delvis falle bort i nordsamisk, men førekjem i det meir konservative sørsamisk:

  • ursamisk-finsk *meme-jøn "eg gjekk"
    • finsk menin
    • > mana-jen > nordsamsisk mannen, sørsamisk mïnnim

Negasjonsverbet i sørsamisk til og med lulesamisk har separate former for presens og preteritum, på same måte som kodaveredialekten av estisk, og (meir redusert) i võro. Dette systemet går attende til ur-finsk-samisk. For ei drøfting av dei rekonstruerte formene, sjå Korhonen 1981. Ein syntaktisk analyse av overgangen til dei moderne formene er Trosterud 1994.

Person[endre | endre wikiteksten]

Formativen for person går attende til det samiske urspråket.

Modus[endre | endre wikiteksten]

Potensialis- og kondisjonalisendingane i dei ulike samiske språka gor attende til både til ursamisk og til ur-finsk-samisk. Den samiske formativen -š-/-ǯ- for kondisjonalis er den same som den finske -is-, og den nordsamiske formativen -š-/-vč- (ursamisk *-kć-) går attende til ur-samisk-austersjøfinsk *-ks- (jf. estisk saaksin). Imperativforma for andre person eintal hadde suffikset *-k, som det også hadde i uraustersjøfinsk.

Ordforråd[endre | endre wikiteksten]

Det ursamiske ordforrådet er svært godt utforska. Grunnordforrådet kan delast i tre grupper: ord som finst også i andre uralske språk, ord som er lånord (framforalt frå germansk), og ord utan etymologi utanfor samisk (såkalla paleo-europeiske ord). For kvart og eitt av orda referert til i desse kapitlet finn vi referanse til kjeldelitteratur i ordbasen Álgu[8].

Uralske fellesord[endre | endre wikiteksten]

Hit høyrer det mest grunnleggande ordforrådet, som alle talorda, sentrale pre- og postposisjonar, ord for kroppsdelar og sentrale handlingar (dei tilsvarande finske orda i parentes). Dette er ord som finst i både ursamisk og i dei andre uralske språkgreinene.

  • okta (yksi) '1', guokte (kaksi) '2', golbma (kolme) '3', ...
  • juolgi (jalka) 'fot', johka (joki) 'elv', jávri (järvi) 'innsjø',
  • addit (antaa) 'å gje'


Indoiranske lånord[endre | endre wikiteksten]

Dette er dei eldste lånordlaga i uralsk, og dei finst i alle eller nesten alle dei uralske språkgreinene.

  • Urindoeuropeisk *k'm-to- > urindoiransk *ćata- ‘100’ → urfinskugrisk *śa/ëta > ursamisk *ćuotē > nordsamisk čuohti ‘100’.

Germanske lånord[endre | endre wikiteksten]

Jorma Koivulehto (Koivulehto 2002) har vist at det er mogleg å identifisere to ulike lag av urgermanske lånord, dvs. lånord som er eldre enn ursamisk. Vi kan også identifisere urnordiske, gammalnorske (gammalsvenske) lånord, og lånord frå moderne norsk og svensk.

Tidlege urgermanske lånord[endre | endre wikiteksten]

Dette er ord som er lånt inn før oppdelinga av urgermansk i nord-, aust- og vestgermansk. Dei skil seg frå seine urgermanske lånord ved at dei har gjennomgått alle dei ursamiske lydendringane. Spesielt viktig er overgangen *a > *uo, dvs. at ord som i urgermansk har a har fått uo i moderne samiske språk. Ofte finst desse lånorda ofte i finsk. I desse lånorda tilsvarer germansk *h samisk *k, dvs. at orda er lånt inn før Verners lov har verka i urgermansk.

Seine urgermanske lånord[endre | endre wikiteksten]

Urnordiske lånord[endre | endre wikiteksten]

Dette er ord som er lånt inn etter oppsplittinga av dei germanske språka, men før synkopetida, altså før 700-talet.

  • Jordbruk
  • gussa 'ku', gáica 'geit', rohka 'rug',
  • Samfunnstilhøve
    • gonagas 'konge'

Norrøne / gammalsvenske lånord[endre | endre wikiteksten]

Dette er ord lånt inn frå språksteget etter urnordisk, men før dei store språklege endringane i nordiske språk på 1300-talet og framover.

Hit høyrer ord knytt til jordbruk og mange ord knytt til ulike typar samfunnstilhøve.

  • Jordbruk
    • heasta 'hest', mielki 'mjølk',
  • Samfunnstilhøve
    • golli 'gull',

Paleo-europeiske ord[endre | endre wikiteksten]

Dette er ord som verken går attende til det uralske urspråket eller er lånt inn frå kjende språkfamiliar.

Ord utan etymologi utanfor samisk[endre | endre wikiteksten]

Hit høyrer ord for landskapsformasjonar, naturfenomen og visse dyr. Dei representerer det paleoeuropeiske, ikkje-uralske substratet i samisk.

  • Fuglenamn
    • buolffáš 'lundefugl', skuolfi 'snøugle', áđga 'elveslette',
  • Dyrenamn
  • Fiskenamn
    • beahcet 'fiskespord', cuohppa 'fiskekjøtt', diksu 'hyse', guvžá 'sjuaure',
  • Naturfenomen, landskapsord
    • biegga 'vind', čuodjá 'trang vik i innsjø', geađgi 'stein', muorra 'tre', njárga 'nes', riehppi 'trang fjelldal'
  • Generelle ord
    • čuovga 'lys', atnit 'å bruke'

Ord utan etymologi utanfor samisk og finsk[endre | endre wikiteksten]

(... kjem...)

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Aikio; 2004
  2. Aikio; 2006
  3. Aikio; 2012
  4. Sentrale arbeid er Korhonen 1981, 1988 og Sammallahti 1988, 1998.
  5. Aikio; 2004. s. 70
  6. Sammallahti (1998:73)
  7. Sammallahti 1998, s. 73.
  8. Álgu - Ein database med oversyn over ordhistoria til det samiske og austersjøfinske ordforrådet. (på engelsk, tysk, samisk og finsk). Basen inneheld referanse til relevant primærlitteratur for alle orda. Det er mogleg å søke på oppslagsord på uralske og indoeuropeiske språk.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]