Urskog

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Urskog med sequoiatre (redwood) i Redwood National Park i California.
Natrurresevatet Vällingsjö urskog i Sollefteå kommune i Sverige.

Urskog er skog som har vore upåverka av menneske. Det er særs vanskeleg å finna skogar som innfrir dette kravet fullstendig, mellom abba av di hard storviltjakt og husdyrbeite vanlegvis vert rekna som påverknad. På somme tropiske øyer skal det finnast einskilde skogar i fjelllandskap som så vidt ein veit aldri har vorte utsett for menneskeleg påverknad.

Av mange vert skogar som har stått upåverka av menneske i om lag 100 år eller meir rekna som urskogar. I økologisk forstand er desse skogane særs viktige, sidan mange artar er avhengige av at trea får lov å bli gamle. Når eit stort tre fell, vert det danna lysningar kor buskar, ungtre og urtar kan spira fram og trivast. Ei rekkje dyr er dessutan avhengige av daude tre.

Rekorden for biologisk mangfald innanfor ein urskog ligg på 800 artar vedplantar på ein hektar. Dette er i dei tropiske regnskogane.

Urskog i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Urskog er i strengaste forstand definert som som skog det aldri har vore utført skogbruksaktivitet i. Det finst praktisk talt ikkje ekte urskog att i Noreg i dag, etter hundreår med utnytting av skog og utmark, gjennom husdyrbeiting og setring, tømmerhogst og utbygging av hytter og vegar. Somme lommar med skog som står tilgjengeleg til kan likevel vere så lite påverka av menneskeleg aktivitet at ein kan seie at skogen der er urskog.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Urskog

Kjelder[endre | endre wikiteksten]