Urula

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Urula er ei elv som renn ut i nordenden av Sperillen, like sør for Nes i Ådal i Ringerike kommune. Urula får mellom anna tilførsel frå eit stort nedbørsområde (om lag 614 km²) i Vassfaret, mellom anna via Vidøla og Aurdøla som renn ut i Urula i Hedalen (Sør-Aurdal).

Vassdraget er verna med omsyn til Verneplan I for vassdrag sidan 1973,[1] og framstår nesten som urørt. Store delar av elva ligg innanfor Vassfaret/Vidalen landskapsvernområde og Indre Vassfaret landskapsvernområde. Urula sitt utløp i Sperillen har eit velutvikla meandrerande løp gjennom deltaet. Fleire gamle elveløp og små kroksjøar i forskjellige stadier av gjengroing finst. Elva har godt fiske og er ikkje forureina. Aure i Sperillen gyter i Urula.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «012/19 Urula». nve.no -> Vann, vassdrag og miljø -> Verneplan for vassdrag. Norges vassdrags- og energidirektorat. 6. juli 2017. Henta 24. juli 2017. [daud lenkje]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]