UseModWiki

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Logo for UseModWiki

UseModWiki er ein type wikiprogramvare utvikla mellom 1999 og 2000 av Clifford Adams, basert på programmeringsspråket Perl. Det er lisensiert under GNU General Public License. Sider i UseModWiki vert lagra som vanlege filer, ikkje i ein relasjonsdatabase.

Adams laga programvara for sitt Usenet Moderation Project (Usemod) som eksisterte frå 1991 til 1999. Han baserte programvara si på AtisWiki 0.3, laga av Markus Denker. Denne var igjen basert på CvWiki, laga av Peter Merel. CvWiki var basert på Wiki Base, wikiprogramvara til Ward Cunninghams WikiWikiWeb.

Den første internettsida som brukte UseModWiki var Clifford Adams' eiga side usemod.com, som hadde brukt AtisWiki frå 11. oktober 1999. Den andre heimesida som tok i bruk UseModWiki var MeatballWiki, som vart laga av Adams og Sunir Shah.

Frå januar 2001 til byrjinga av 2002 vart UseModWiki brukt av alle versjonar av Wikipedia. Utviklarane i Wikipedia-miljøet utvikla seinare den programvara som i dag er kjend som MediaWiki, men enkelte mindre prosjekt fortsette å bruka UseModWiki fram til desember 2003. Dette gjaldt mellom anna norsk Wikipedia. I desember 2003 vart dei siste prosjekta flytta over frå UseModWiki til den nye programvara, som då heitte «fase 3».

UseModWiki er teknisk forhaldsvis enkel og lett å installera, samanlikna med anna wikiprogramvare. Programvara er lite avansert og med avgrensa funksjonalitet.

Sidetitlane kan ikkje innehalda mellomrom. Programvara har heller ikkje funksjonalitet for å lasta opp bilde slik som i MediaWiki, men bilde lagra på andre nettstadar kan brukast på sidene. Mange av funksjonane utvikla for MediaWiki, som kategoriar, innhaldsforteikningar og så bortetter, manglar òg.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]