Usjajka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Usjajka
elv
Land  Russland
Lengd 78 km
Munning Tom
Kart
Usjajka
56°18′46″N 85°29′36″E / 56.3128°N 85.4933°E / 56.3128; 85.4933
Wikimedia Commons: Ushaika River

Usjajka (russisk Уша́йка) er ei elv i Tomsk oblast i Russland og ei av sideelvane til Tom frå høgre. Elva er 78 km lang.

Usjajka spring ut frå Kuznetsk Alatau, ei nordleg fortsetjing av Altajfjella. Ho munnar ut i Tom nær sentrum av Tomsk.

I følgje ei lokal segn kjem namnet frå ein unggut, Usjaj (russisk Ушай). Han var kjærasten til den vakre Toma, som gav namn til elva Tom.[1]

Usjajka var farbar på 1800-talet, men vert ikkje lenger nytta til skipsfart. Usjajka deler Tomsk i ein nordleg og ein sørleg del, og det er over ti bruer som kryssar ho her. I den øvre delen renn elva gjennom skogområde og vatnet er kaldt, sjølv midt på sommaren, og klårt. I nærleiken av Tomsk vert derimot vatnet i Usjajka skittent på grunn av industri og utsleppp i området.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Segna om Usjaj Arkivert 2011-07-21 ved Wayback Machine. (russisk)