Usjakovøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Plasseringa til Usjakov heilt nord i Karahavet
Usjakov er så godt som dekt av is og snø året rundt.

Usjakovøya (russisk Остров Ушакова eller Ostrov Usjakova) er ei isolert øy i Nordishavet, midt mellom Frans Josefs land og Severnaja Zemlja heilt nord i Karahavet. Ho ligg ved 80° 48' N og 79° 29' A. Øya høyrer til Krasnojarsk kraj i Russland

Øya er aude og utsett for kraftige arktiske stormar. Ho ligg nær den permanente iskalotten rundt Nordpolen. Usjakovøya har eit areal på 328 km². 45 % av øya er dekt av isbrear og det høgaste punktet på øya er 294 moh. Det næraste landområdet er den isolerte Vizeøya som ligg 140 km lenger sør.

Sidan ho ligg så langt nord er området rundt Usjakov fylt av pakkis om vinteren og har mykje isflak sjølv om sommaren.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Usjakovøya var det siste landområde som vart oppdaga i Sovjetunionen. Ho vart først oppdaga i 1935 då dei siste uutforska områda av Karahavet vart utforska av ein sovjetisk isbrytar. Ekspedisjonen var leia av Georgij Aleksejevitsj Usjakov på isbrytaren «Sadko». Den aude øya vart kalla opp etter oppdagaren.

Den første overvintringa på Usjakovøya vart gjort i 1954-1955 og det vart oppretta ein polarstasjon her i 1954.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 80°28′48″N 79°17′24″E