Usjanka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Russisk soldat i Tamajaskaja-divisjonen (2-я гвардейская Таманская мотострелковая дивизия) 1992 iført vinteruniform med usjanka (уша́нка) eller sjapka (ша́пка), russisk pelslue med øyreklaffar. Uniformen på biletet er ein afghanka («afghanistanuniform»), éin av ein serie sovjetiske uniformsmodellar frå 1980-talet.

Usjanka (russisk уша́нка, usjanka, 'øyreklafflue') er eit russisk namn på ei pelslue med oppbretta lueskygge og store øyreklaffar. Sideklaffane kan brettast opp eller fellast ned og knytast under haka som vern mot kulde, vind og uvêr. Usjanka er tjukkare enn ei vanleg lue og gjev difor òg eit visst vern mot lettare støyt mot hovudet. Usjanka er særleg kjent som uniformslue for dei sovjetiske soldatane i Den raude hæren i det tidlegare Sovjetunionen. Luer i pels og med øyreklaffar er brukte som varme vinterluer i ulike variantar og under mange namn, til dømes som loslue i Sjøforsvaret.

Variantar, namn og bruk[endre | endre wikiteksten]

Nemninga usjanka blir særleg brukt om ein russisk uniformslue. På engelsk kallar ein gjerne luetypen shapka (på russisk ша́пка, sjapka) etter det russiske ordet for 'lue'. Same ord, særleg i forma chapka og polsk czapka, kan likevel ofte òg visa til ein spesiell uniformshatt med firkanta topp boren av polske ułan-kavaleristar.

Loslue er av same modell som usjanka, men har ofte lêr eller skinn utan pels utvendig. Hovudplagget blir mellom anna brukt som uniformslue i Sjøforsvaret. Det har to store nedbrettbare øyreklaffar med syntetisk pels og er berekna for ekstreme vintertilhøve.

Materialar og utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Ein kan sy pelsluer av skinn, lêr eller tekstil med pelsverk utvendig eller innvendig (fôr av pels). Pelsen kan vera av billege typar som sau, kanin eller bisam, eller meir kostbare som raudrev og mink. Moderne pelsluer har ofte kunstig pels i staden for ekte.

Utvendige tekstil kan òg ha dekor eller kamuflasjemønster.

Historisk bruk[endre | endre wikiteksten]

Finske soldatar under vinterkrigen med turkislakki.

Pelsluer med øyreklaffar har tradisjonelt vore brukt i fleire land med kaldt klima, til dømes i Norden, Russland, Tyskland og Canada. Bruken har vore både militær og sivil, til dømes hjå fiskarar og arbeidarar utandørs.

Nemninga «russerlue» stammar frå andre verdskrigen. Under vinterkrigen mot Finland 1939 døydde tusenvis av russarar av svolt og kulde som følgje av dårleg organisering og mangel på utstyr. Den raude hæren innførte difor nye vinterklede og pelslue etter finsk førebilete. I staden for den tynne, pyramideformede «revolusjonslua» budjonovka, som ikkje kunne brukast med hjelm over og gjorde soldaten meir synleg i terrenget, kunne usjanka berast med hjelm utanpå.[1] Òg tyske soldatar tok uoffisielt i bruk lua, sjølv om tyske kopiar kom mot slutten av krigen.[2]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Av andre klaffeluer kan ein òg nemna den norske «finnmarkslua», ei skyggelue med innvendige og utvendige øyrelappar som blei brukt til norsk feltuniform frå før 1940.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Laurent Mirouze: Infanteristen des Zweiten Weltkriegs, Verlag Karl-Heinz Dissberger, Düsseldorf, ISBN 3-924753-27-X, S. 28
  2. Mathias Färber: Zweiter Weltkrieg, Unipart-Verlag, Stuttgart 1990, ISBN 3-8122-3001-1, S. 556