Ustad Mansur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ustad Mansur
Statsborgarskap Mogulriket
Yrke kunstmålar, miniatyrmaler
Språk persisk
Ustad Mansur på Commons
Måleri av Mansur med ei dronte i midten

Ustad Mansur, på norsk meister Mansur, var ein mogul-målar som arbeidde ved det indiske mogul-hoffet, aktiv i tida frå kring 1590 til 1624, og særleg kjend for sine dyre- og naturbilete.

Mansur var den fyrste målaren som skildra ein dronte i fargar, og den aller fyrste som måla ei snøtrane. Mor slutten av Akbar den store si regjeringstid fekk han tittelen meister. Særleg vaks hans ry under mogul Jehangir, som rådde i tida 1605-27, då Mansur utmerkte seg med sine framstillingar av dyr og plantar. Han vart då titulert som Nãdir-al-’Asr ("Over alle samtidige"). Mansur er best kjend for sin naturhistoriske bilete, men framstilte også menneske i ulike illustrerte manuskript.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]