Ustekveikja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Ustekveikja er ei elv. Ho har utspringet sitt i Ustekveikvatnet (1260 moh.) i Ulvik herad i Hordaland, på Hardangervidda, rett nord for Hardangerjøkulen. Elva renn søraustover, ned til det regulerte Finsevatnet (1215–1212 moh.) ved Finse og frå der vidare søraustover gjennom ei rekke regulerte og uregulerte vann, mellom anna Nygardsvatnet (995–984 moh.) i Hol kommune i Buskerud, Sløddfjorden (985–970 moh.) og Ustevatn (985–968 moh.) ved Ustaoset, òg det i Hol.

Etter Ustaoset endra elva namn til Usta og renn nordaustover til Ustedalsfjorden ved Geilo. Etter dette skiftar elva namn igjen til Usteåne og renn nordaustover gjennom Ustedalen til Mogrende ved Hagafoss i Hol, der elva renn saman med elva nord frå Holsfjorden og vert til Hallingdalselve.

Ustekveikja har gjeve namn til Ustekveikja Energi AS, eit energiselskap frå Geilo.