Ustemd språklyd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Ustemd)
Gå til: navigering, søk

Ein ustemd språklyd er ein språklyd, som regel ein konsonant, som blir uttala utan vibrasjon i stemmebanda (også kalla stemmelippene). Ein språklyd uttala med stemmebandsvibrasjon er derimot stemd. Det norske ordet språklyd (uttala [²spɾoːkˌlyˑd] mellom anna på Søraustlandet) har dei stemde språklydane [ɾ oː l yˑ d] og dei ustemde språklydane [s p k].

Teiknet for ein ustemd språklyd i Det internasjonale fonetiske alfabetet (IPA) er [  ̥].