Utbrotet av nytt coronavirus i 2019 og 2020

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Utbrotet av nytt coronavirus i 2019 og 2020
Dato12. desember 2019–
StadOpphav i Wuhan i Hubei i Kina
Over 60 000 personar i Asia, Europa, Amerika og Oseania hadde fått påvist smitte i februar 2020.
Talet på friskmelde av dei i verda som ein gong vart smitta var på 52 den 26. januar 2020.
Animert kart som viser utbreiinga av bekrefta tilfelle av viruset «2019-nCoV» sidan 25. januar

Utbrotet av nytt koronavirus i 2019 og 2020 er eit sjukdomsutbrot erklært som ein internasjonal folkehelse-krise som byrja i den kinesiske millionbyen Wuhan i 2019 og 2020.[1]

Sjukdommen som virus-smitta kan føre til har fått namnet COVID-19, som betyr «koronavirus-sjukdom 2019».[2]

Den nye typen koronavirus sitt offisielle namn er SARS-CoV-2[3][4] som fritt omsett betyr «alvorleg, akutt luftveissyndrom koronavirus 2»;[5] fullt engelsk namn er severe acute respiratory syndrome coronavirus 2. Eit namn som tidlegare kom i bruk er 2019-nCoV, som betyr 'nytt coronavirus 2019'.[6]

Viruset smittar mellom menneskjer.

Ifølgje rapportar skal viruset kunne smitte før det opptrer symptom.[7]

Inkubasjonstida, perioden mellom smittetidspunktet og sjukdomsutbrotet for koronaviruset, kan variere frå éin til 14 dagar, sa helseministeren i Kina Ma Xiaowei den 26. januar 2020.[8][9] Forskaren Zhong Nanshan seier at median inkubasjonstid er tre døgn, og at det finst ikkje nok bevis for at inkubasjonstida har vore [opp mot] 24 dagar.[10]

Kōsei-rōdō-shō (Japan sitt helse-, arbeids- og velferds-departement) melde 31. januar 2020 at nokre av dei smitta i Japan ikkje hadde feber eller andre symptom.[11][12]

Epidemiologi[endre | endre wikiteksten]

Europa Bekrefta tilfelle Tidspunkt
for
bekrefting
av
smitte-tal
Døde
Flag of Germany.svg Tyskland 16 februar, uke 7 i 2020 0
Flag of France.svg Frankrike 12 februar 2020 1
Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia 9 februar i 2020 0
Flag of Italy.svg Italia 3 februar 2020 0
Flag of Spain.svg Spania 2 februar 2020 0
Flag of Finland.svg Finland 1 29 januar 2020[13][14] 0
Flag of Sweden.svg Sverige 1 31. januar 2020[15] 0
Flag of Belgium (civil).svg Belgia 1 februar 2020 0
Russland
og
Egypt
(spreidd på to av kontinenta Europa,
Asia,
eller
Afrika)
Bekrefta tilfelle Tidspunkt
for
bekrefting
av
smitte-tal
Døde
Flag of Russia.svg Russland 2 januar 2020 0
Flag of Egypt.svg Egypt 1 februar, i uke 7 i 2020 0
Asia Bekrefta
tilfelle
utanom
«cruiseskip-
tilfelle»
Bekrefta
tilfelle
inkludert
«cruiseskip-
tilfelle»
Tidspunkt
for
bekrefting
av
smitte-tal
Døde
Flag of the People's Republic of China.svg Kina (utanom Hong Kong og Macao) 72 000+ 72 000+ februar 2020[16] 1 100+
Flag of Japan.svg Japan 74 600+ februar 2020[16][17][18] 1
Flag of Singapore.svg Singapore 81 81 februar 2020 0
Flag of Hong Kong.svg Hong Kong 61 61 februar 2020 1
Flag of Thailand.svg Thailand 35 35 februar 2020[19] 0
Flag of South Korea.svg Sør-Korea 31 31 februar 2020 0
Flag of Malaysia.svg Malaysia 22 22 februar 2020 0
Flag of the Republic of China.svg Taiwan 22 22 februar 2020 1
Flag of Vietnam.svg Vietnam 16 16 februar 2020 0
Flag of Macau.svg Macao 10 10 februar 2020 0
Flag of the United Arab Emirates.svg Dei sameinte arabiske emirata 9 9 februar 2020 0
Flag of India.svg India 3 3 februar 2020 0
Flag of the Philippines.svg Filippinane 3 3 februar 2020[20][21] 1
Flag of Cambodia.svg Kambodsja 1 1 januar 2020 0
Flag of Nepal.svg Nepal 1 1 24. januar 2020[22] 0
Flag of Sri Lanka.svg Sri Lanka 1 1 januar 2020 0

Cruiseskip-fararar med påvist smitte har blitt flogne frå Japan, 14 stykkar (februar 2020).

Amerika Bekrefta
tilfelle
utanom
«cruiseskip-
tilfelle»
Bekrefta
tilfelle
inkludert
«cruiseskip-
tilfelle»
Tidspunkt
for
bekrefting
av
smitte-tal
Døde
Flag of the United States.svg USA 15 29 februar 2020[23] 0
Flag of Canada.svg Canada 8 8 februar 2020 0

14 USA-amerikanske cruiseskip-fararar fekk påvist smitte, og blei deretter flogne frå Japan til isolat i USA (februar 2020); dei er også talt opp i Asia-tabellen som «cruiseskip-tilfelle», Japan.

Oseania Bekrefta tilfelle Tidspunkt
for
bekrefting
av
smitte-tal
Døde
Flag of Australia.svg Australia 15 februar, i uke 6 i 2020 0

Median alder hos dei døde bland dei første innlagte pasientane, var 49 år, og berre om lag ein tredjedel hadde underliggjande sjukdom, skreiv nettutgåva av tidsskriftet Lancet, den 24. januar 2020.[24]


Alle dei tre landa Noreg har landegrense til, Sverige, Finland og Russland, har personar som er bekrefta smitta (februar 2020).

  • Russland. To personar er smitta i den asiatiske delen av Russland (februar 2020).[25][26]

Europa[endre | endre wikiteksten]

  • Finland. Ein person fekk påvist smitte den 29. januar 2020. Den 32-år gamle kinesiske turisten fekk symptom på smitte den 26. januar.[27] Ho landa på flyplassen i Ivalo i Enare, ein nabokommune til den norske kommunen Sør-Varanger, og ho vart kjørt til Saariselkä-området der ho budde på hotell.[14] Pasienten vart teken til karantene på sjukehus i Rovaniemi.[27]
  • Kanariøyane i Spania. Ein tysk turist på øya La Gomera er innlagt og isolert (1. februar 2020) på sykehus med «corona-smitte».[28] Før han reiste frå Tyskland, skulle han vore i kontakt med ei smitta person.[29]

Andre land i Europa med smitta personar er Frankrike,[30] Tyskland, Italia, Storbritannia og Sverige (31. januar 2020).

Asia[endre | endre wikiteksten]

  • Kina. Dødsfall som var smitte-relatert: minst 1.100 smitta personar i Kina hadde døydd per februar 2020. Smitte av helsearbeidarar: minst 1.700 er smitta per februar 2020.[31]
  • Japan. Cruiseskipet «Diamond Princess» er framleis i karantene i februar, uke 8 i 2020. 174 personar hadde fått påvist smitte, og dei blei tekne i land.[32] Prøver tekne av folk om bord, har hittil vist smittetal på over 400 (februar 2020).
  • Hong Kong, ein spesiell administrativ region i Kina. 3 av dei smitta hadde vore passasjerar på cruiseskipet «World Dream» fram til 24. januar 2020, og [som følge] vart 3600 passasjerar [sette i karantene] i frå 5.-9. februar, for screening av helsa deira.[33] Denne typen screening skal kategorisere statusen på virus-relatert del av personar si helse.
  • Vietnam. Son Loi [ wikidata ] vart karantinert (13. februar 2020); han ligg 40 km frå Hanoi i Vĩnh Phúc-provinsen.[34]
  • Macao, ein spesiell administrativ region i Kina, hadde 10 påvist smitta (februar 2020).
  • Filippinane. Ein mann er daud (februar 2020).
  • Russland. 2 personar vart bekrefta smitta (31. januar 2020), ein i Tjumen oblast som grensar til Kasakhstan, og ein i Zabajkalskij kraj som grensar til Kina og Mongolia. Begge hadde kinesisk statsborgarskap.[25][26]

Andre asiatiske land med smitta personar er per 1. februar 2020:

  • India
  • Kambodsja
  • Malaysia
  • Nepal
  • Singapore
  • Sri Lanka
  • Sør-Korea
  • Taiwan
  • Dei sameinte arabiske emirata
  • Thailand
  • Vietnam

Amerika[endre | endre wikiteksten]

Land i Amerika med smitta personar per februar 2020:

  • USA. 15 personar har fått påvist smitte. I tilleg er 14 andre påvist smitta, og på veg i fly (17. februar 2020) tilbake til USA som del av evakuering frå eit cruiseskip som er fortøya i japanske farvann.[35]
  • Canada

Oseania[endre | endre wikiteksten]

Personar i Australia hadde fått påvist smitte.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Utbrotet vart oppdaga i desember 2019 i millionbyen Wuhan i den kinesiske Hubei-provinsen. Ein lungebetennelse med uklårt opphav vart knytt til personar som jobba i og rundt buene på sjømat-marknaden Huanan (華南海鮮市場), som selde levande dyr. Klynga av personar som vart råka hadde eit midtpunkt rundt ein marknad som dreiv engroshandel av levande og døde dyr og fisk. Marknaden dreiv handel med ulike dyr, som kyllingar, kattar, fasanar flaggermus, rotter, slangar og piggvsin, til matlaging utanom det vanlege.[36][37][38][39][40][41][42][43]

Symptom[endre | endre wikiteksten]

I tidleg fase av sjukdommen vil vanlege symptom vere vondt i hovudet, tørrhoste og rennande nase. Etter kvart, dersom sjukdommen forverrar seg, kan ein oppleve slimhoste og blodig opphosta slim.[44]

Årsak[endre | endre wikiteksten]

Overføring av smitte[endre | endre wikiteksten]

Viruset kan smitte mellom menneskjer via (usynlege) smådråper, ved pusting eller hosting.[45][46][47] Det er ukjend om smitte kan overførast ved å ta på ting, eller kor stor risikoen for smitte via gjenstandar er (februar 2020).[48][49]

I laus avføring frå det første smitte-tilfellet i USA, fann forskarar den nye typen av koronaviruset. Dette kan tyde på at virus frå avføring frå menneskjer, kan vera endå ein kjelde til nye tilfelle av smitte hos andre menneskjer.[50]


Estimat på «basic reproduction number» var på mellom 1,4 og 3,8 i januar 2020.[51] Talet må komme under éin for at epidemien skal døy ut.[51]

Det nye koronaviruset har til no (24. januar) angivelig vore i stand til å smitte nedover ei kjede beståande av opp mot fire personar; indikasjoner kan tyde på at ein familie på fem har vore minst tre samanhangande ledd i ei smittekjede.[52]

Virologi[endre | endre wikiteksten]

Viruset SARS-CoV-2 har 96% samsvar,på nivå med heile genomet til eit koronavirus identifisert i 2013, frå flaggermus.[53]


Forskarar frå universitetet 华南农业大学/華南農業大學 ('Sør-Kina landbruks-universitet') i Guangzhou meldte om likskapen på 99% mellom genomsekvensen for eit virus som er funne hos pangolin (skjelldyr) og eit virus som er funne hos menneskjer som er pasientar, noko som gir ein peikepinn om at dyrearten kan vera ein intermediary vert for spreiing av smitte.[54]

Viruset SARS-CoV-2[endre | endre wikiteksten]

SARS-CoV-2

Viruset er eit RNA-virus, nærmare bestemt (+)ssRNA-virus;[55][56][57] dette RNA-viruset har arvestoff som er enkelttråda og har positiv kjemisk polaritet.

«Covid-19-viruset» er eit namn som media har brukt.

Prøvetaking[endre | endre wikiteksten]

Verdsorganisasjonen for helse publiserte ein metode for å diagnostisere den nye typen av koronaviruset. Metoden vart utvikla av Charité som er ein av dei største universitetsklinikkar i Europa.[58] Verdsorganisasjonen har publisert fleire andre metodar. USA sin CDC fekk tilstånd til å distribuere sitt ny-utvikla diagnostiske prøve-sett (februar 2020).[59]

Det finst førebels ingen antistofftest som kan vise kor mange i ein befolkning som har hatt viruset, utan å ha blitt sjuke av det, skreiv media i februar 2020.[49]

Tiltak mot spreiing av smitte[endre | endre wikiteksten]

Munnbind og masker[endre | endre wikiteksten]

Professor i mikrobiologi Ørjan Olsvik sa i 2020 at munnbind ikkje gir tryggleik, fordi slike virus er så små og kjem seg gjennom munnbind, så i «realiteten er det lite trygghet i å bruke dem. Det finnes masker som holder» tilbake virus. I Kina er dei kalla P3, men dei er visstnok vanskelege å få tak i.[60]

Reiserestriksjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Hubei-provinsen er hardast rammet av viruset, og provinsen har i praksis blitt satt i karantene og stengd av, av kinesiske styresmakter, skreiv NRK (26. januar 2020).[61]
  • Wuhan. Ifølgje rapportar i media hadde kring fem millionar menneskjer reiste frå byen Wuhan før styresmaktene sette byen i karantene.[62]
  • Wenzhou. Isolering av millionbyen starta den 2. februar 2020.[63]

Utanfor Kina[endre | endre wikiteksten]

  • USA-innreise vart forbode for alle ikkje-amerikanarar som hadde vore i Kina dei siste to vekene før ankomst (31. januar 2020).[64] Unnataket gjeld pårørande og folk som er busette i USA.[63]
  • Australia innførte innreiseforbod for reisande som kjem frå Kina. Australske borgarar og ektefellene deira vart unntekne frå bestemmelsen (1. februar 2020).[65]

Forsking[endre | endre wikiteksten]

To grupper forskarar i Australia og i Kina skal ha klart å dyrke fram viruset, også kalla «å isolere viruset», per januar 2020.[66][67]

Ein av teoriane om kva slags dyr som var vert for den nye koronavirus-typen før menneskjer vart smitta, er at viruset vart spreidd frå flaggermus til slangar og deretter til menneskjer.[68] Ein annan teori er at smitta gjekk via pattedyr i staden for via slangar.[69]

Ekspertane blir meir og meir «overbevist om at basen i den såkalte «smittepyramiden» er [...] bred. Det betyr at det bare er en liten andel» av dei smitta som får alvorlege plager, skreiv NRK i februar 2020.[70]

Vedrørande inkubasjonstid: forsking gjort av gruppa til Zhong Nanshan, på 1.099 koronavirus-smitta pasientar frå 552 sjukehus, fann eit tilfelle der ein ikkje kan utelukke ein inkubasjonstid på 24 dagar, basert på pasienten sitt minne om sjukdommen sitt forløp (februar 2020).[10][71]

Behandling[endre | endre wikiteksten]

Utvikling av vaksinar eller testing av antivirale medisinar har gått føre seg i fleire land.[72][73][74][75]

I minst to land har ein brukt anti-retrovirale medisinar (ofte brukt av HIV-positive pasientar)[76] i behandling av nokre smittetilfelle.[77]

Dødelegheit[endre | endre wikiteksten]

Dødelegheiten til dei som vart bekrefta som smitta, har lege under 5 % [fram til 29. januar 2020].[69] Ifølgje professor Alessandro Vespignani ved Northeastern-universitetet plar slike tal å endra seg. Dei aukar gjerne i byrjinga av ein epidemi, når dei meist sårbare pasientane døyr, deretter minkar talet, og deretter aukar det att.[51]

Råd[endre | endre wikiteksten]

Paul Cosford meiner (februar 2020) at personane det fins grunn til å uroe seg for, er folk som har hatt veldig nær kontakt med nokon med koronavirus: «ansikt-til-ansikt kontakt» eller innanfor ei 2-meters rekkevidde i 15 minuttar eller meir.[78]

Smitta personar som har blitt friske[endre | endre wikiteksten]

Nokre av dei smitta har blitt friske.

Land/regionar i Asia Brøken, "talet på friskmelde, opp mot talet på smitta" Prosent-tal på friskmelde Tidspunkt for bekrefting Referanse
Flag of the People's Republic of China.svg Kina 49 / 1 992 2,4% 26. januar 2020 [79]
Flag of Japan.svg Japan 1 / 3 33% 25. januar 2020 [80][81]
Flag of Thailand.svg Thailand 14 / 34 41%februar, uke 7 i 2020 [82][83]


Kjende personar som har døydd[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «WHO erklærer coronaviruset en «internasjonal folkehelsekrise»», www.vg.no (på bokmål), henta 31. januar 2020 
  2. World Health Organization (February 11, 2020), Novel Coronavirus (‎‎‎2019-nCoV)‎‎‎: situation report, 22 (PDF), World Health Organization 
  3. Gorbalenya, Alexander E. (11. februar 2020). «Severe acute respiratory syndrome-related coronavirus – The species and its viruses, a statement of the Coronavirus Study Group». bioRxiv (på engelsk): 2020.02.07.937862. doi:10.1101/2020.02.07.937862. 
  4. «Coronavirus disease named Covid-19». BBC News (på engelsk). 11. februar 2020. Henta 11. februar 2020. 
  5. [1] (21. april 2003) Forskning.no. Vitja 2020-02-14
  6. «Coronavirus», www.who.int (på engelsk), henta 26. januar 2020 
  7. Dette skjer hvis coronaviruset blir påvist i Norge. E24. Vitja 27. januar 2020
  8. vg.no/nyheter/utenriks/i/jd7peL/nye-funn-om-coronaviruset-smitter-foer-symptomene-vises . Vitja 2020-01-26
  9. https://www.reuters.com/article/us-china-health-transmission/china-says-virus-ability-to-spread-getting-stronger-idUSKBN1ZP09G . Vitja 2020-01-26
  10. 10,0 10,1 https://www.straitstimes.com/asia/east-asia/top-chinese-expert-zhong-nanshan-clarifies-only-1-case-in-coronavirus-study-shows-24 . Vitja 2020-02-12. «Dr Zhong Nanshan [...] said [...] there is not enough evidence to regard 24 days as the longest incubation period for the coronavirus»
  11. 新型肺炎 第2便で帰国の2人 感染確認 発熱など症状見られず [New pneumonia Two people returning home on the second flight Confirmed infection No fever or other symptoms]. NHK (på japansk). 31 January 2020. Henta 31 January 2020. 国内で感染が確認されたのは合わせて17人となりました。 [A total of 17 people have been infected in Japan.] 
  12. 新型コロナウイルスに関連した無症状病原体保有者(*)の発生について [About outbreak of asymptomatic pathogen carrier (*) associated with new coronavirus] (på japansk). 31 January 2020. Henta 31 January 2020. 4th case of asymptomatic pathogen carrier  Den ukjende parameteren |trans-work= vart ignorert (hjelp); Den ukjende parameteren |script-work= vart ignorert (hjelp)
  13. https://www.nrk.no/sapmi/bekreftet_-kinesisk-turist-er-smittet-av-coronaviruset-i-finland-1.14881667 . NRK. Vitja 2020-01-29
  14. 14,0 14,1 «Finland's first coronavirus case confirmed in Lapland». YLE. 29. januar 2020. Henta 29. januar 2020. 
  15. https://www.vg.no/nyheter/utenriks/i/jd7Eob/coronavirus-paavist-i-sverige . Vitja 2020-01-31
  16. 16,0 16,1 «Tracking coronavirus: Map, data and timeline». BNO News (på English). The Netherlands.  Page created 2 February 2020 and frequently updated, with links to original sources
  17. «Novel Coronavirus(2019-nCoV)Situation Report –20-ERRAT» (PDF). WHO. February 8, 2020. 
  18. Koronaviruset: 20 passasjerer på cruiseskip er smittet. (6. februar 2020) NRK
  19. bangkokpost.com/thailand/general/1859434/thailand-records-1-new-case-of-coronavirus . Vitja 17. februar 2020
  20. «DOH confirms first 2019-NCoV case in the country; assures public of intensified containment measures». Republic of the Philippines Department of Health (på engelsk). 30 January 2020. Henta 30 January 2020. 
  21. «A 44-year-old male is confirmed as the second person with the 2019 novel coronavirus acute respiratory disease (2019-nCoV) in the Philippines. He passed away on 1 February 2020.». Twitter (på engelsk). 1 February 2020. Henta 2 February 2020. 
  22. «First case of coronavirus in Nepal after student who returned from Wuhan tests positive». 24 January 2020. 
  23. https://www.wsj.com/articles/fourteen-americans-headed-home-from-coronavirus-cruise-ship-test-positive-11581931972 . Wall Street Journal. Vitja 2020-02-18
  24. Frøland, Stig. «Usikkerhet rundt det nye Wuhan-viruset». Aftenposten. 2020-01-30. S. 37. «professor i medisin [...]»
  25. 25,0 25,1 «В России выявили первые два случая заражения коронавирусом». TASS. 31 January 2020. Arkivert frå originalen 31 January 2020. Henta 31 January 2020. 
  26. 26,0 26,1 «Forst two cases in Russia». CNN. 31 January 2020. Henta 31 January 2020. 
  27. 27,0 27,1 https://www.vg.no/nyheter/utenriks/i/4qgKm6/foerste-tilfelle-av-coronavirus-registrert-i-finland . VG. Vitja 2020-01-30
  28. https://www.nrk.no/nyheter/nytt-coronavirus-1.14855584 . Vitja 2020-02-01
  29. https://www.dailymail.co.uk/news/article-7955151/Spain-gets-coronavirus-victim-worldwide-death-toll-hits-259.html . Vitja 2020-02-01
  30. «Coronavirus: China extends lockdown as first cases reported in Europe». The Guardian (på engelsk). 24. januar 2020. 
  31. Strand, Mariann. [https://www.nrk.no/urix/kjemper-mot-viruset_-mer-enn-1700-helsearbeidere-smittet-1.14903962 Kjemper mot viruset: Flere enn 1700 helsearbeidere smittet]. NRK. Vitja 2020-02-15
  32. «クルーズ船で新たに39人感染確認 検疫官も». www3.nhk.or.jp (på Japanese). NHK News Web. 12 February 2020. Henta 12 February 2020. 
  33. https://www.nbcnews.com/news/world/coronavirus-updates-latest-news-outbreak-global-response-n1131296
  34. https://www.bangkokpost.com/world/1856784/vietnam-quarantines-area-with-10-000-residents-over-coronavirus . Bangkok Post. Vitja 2020-02-13
  35. «U.S. State Dept. says fourteen test positive for coronavirus from cruise ship in Japan». Rueters. 17 February 2020. Arkivert frå originalen 17 February 2020. Henta 17 February 2020. 
  36. China virus toll spikes despite massive lockdown. Bangkok Post. Vitja 2020-01-27. «[...] sold a vast range of unusual dinner fare including rats, snakes and hedgehogs»
  37. «Undiagnosed pneumonia – China (HU) (01): wildlife sales, market closed, RFI Archive Number: 20200102.6866757». Pro-MED-mail. International Society for Infectious Diseases. Arkivert frå originalen 22 January 2020. Henta 13 January 2020. 
  38. Cohen, Jon; Normile, Dennis (17 January 2020). «New SARS-like virus in China triggers alarm». Science 367 (6475): 234–235. ISSN 0036-8075. PMID 31949058. doi:10.1126/science.367.6475.234. 
  39. Parry, Jane (20 January 2020). «China coronavirus: cases surge as official admits human to human transmission». British Medical Journal 368: m236. ISSN 1756-1833. PMID 31959587. doi:10.1136/bmj.m236. 
  40. Schnirring, Lisa (6 January 2020). «Questions still swirl over China's unexplained pneumonia outbreak». CIDRAP (på engelsk). Henta 7 January 2020. 
  41. «Pneumonia of Unknown Cause in China - Watch - Level 1, Practice Usual Precautions - Travel Health Notices | Travelers' Health | CDC». wwwnc.cdc.gov. 6 January 2020. Henta 7 January 2020. 
  42. Schnirring, Lisa (8 January 2020). «Virologists weigh in on novel coronavirus in China's outbreak». CIDRAP (på engelsk). Henta 9 January 2020. 
  43. Shih, Gerry; Sun, Lena H. (8 January 2020). «Specter of possible new virus emerging from central China raises alarms across Asia». Washington Post (på engelsk). Henta 9 January 2020. 
  44. https://www.nrk.no/urix/corona-viruset_-norge-innforer-ikke-automatisk-karantene-slik-andre-land-gjor-1.14883982 . Vitja 2020-01-31
  45. «How does coronavirus spread?». NBC News. Arkivert frå originalen 28 January 2020. Henta 29 January 2020. 
  46. «Transmission of Novel Coronavirus (2019-nCoV) | CDC». www.cdc.gov. 27 January 2020. Arkivert frå originalen 28 January 2020. Henta 29 January 2020. 
  47. AFP (24 January 2020), Doctor, nurses describe treating coronavirus patient, arkivert frå originalen 25 January 2020, henta 28 January 2020 
  48. https://www.cdc.gov/coronavirus/2019-ncov/about/transmission.html . CDC
  49. 49,0 49,1 https://www.dagbladet.no/nyheter/vi-kan-komme-til-a-angre/72106771
  50. Thai doctors deploy HIV drugs: Virus update. Bangkok Post. Vitja 2. februar 2020
  51. 51,0 51,1 51,2 https://www.bangkokpost.com/world/1845534/experts-say-china-virus-outbreak-will-last-months-at-least#cxrecs_s . Vitja 2020-01-29«"On its own, it isn't a reason to panic," said Maimuna Majumder, a researcher at Harvard University ... She said the rate is 1.3 for seasonal flu (which has millions of cases per year) and between two and five for ... (SARS)»
  52. Saey, Tina Hesman (24 January 2020). «How the new coronavirus stacks up against SARS and MERS». Arkivert frå originalen 25 January 2020. Henta 25 January 2020. 
  53. Zhou, Peng; et al. (23 January 2020). «Discovery of a novel coronavirus associated with the recent pneumonia outbreak in humans and its potential bat origin». bioRxiv: 2020.01.22.914952. doi:10.1101/2020.01.22.914952. Henta 24 January 2020. 
  54. Cyranoski, David (7 February 2020). «Did pangolins spread the China coronavirus to people?». Nature. doi:10.1038/d41586-020-00364-2. 
  55. «中国疾病预防控制中心» (på Chinese). People's Republic of China: Chinese Center for Disease Control and Prevention. Henta 9 January 2020. 
  56. «New-type coronavirus causes pneumonia in Wuhan: expert». People's Republic of China. Xinhua. Arkivert frå originalen 9 January 2020. Henta 9 January 2020. 
  57. «CoV2020». platform.gisaid.org. Henta 12 January 2020. 
  58. Schirring, Lisa; 2020 (16 January 2020). «Japan has 1st novel coronavirus case; China reports another death». CIDRAP (på engelsk). Henta 16 January 2020. 
  59. https://www.wired.com/story/the-us-fast-tracked-a-coronavirus-test/ . Wired. Vitja 2020-02-13
  60. https://www.nrk.no/troms/kinesiske-turister-tommer-apotekene-i-tromso-for-munnbind-i-frykt-for-coronaviruset-1.14878749 . Vitja 2020-01-29
  61. Kalajdzic, Pedja. Provins i Kina gir busser innreiseforbud. NRK. Vitja 2020-01-26
  62. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet Singapore4wuhanKarantene
  63. 63,0 63,1 Stadig mer isolert Kina fordømmer USAs innreisenekt. Aftenposten. Vitja 2. februar 2020
  64. https://www.vg.no/nyheter/utenriks/i/70gvmW/usa-med-restriksjoner-for-innreise . Vitja 2020-02-01
  65. Vitja 2020-02-01
  66. https://www.vg.no/nyheter/utenriks/i/kJGx4A/australske-forskere-har-greid-aa-isolere-corona-viruset NTB. Vitja 2020-01-29
  67. https://www.dagbladet.no/nyheter/skrekkviruset-vil-teste-vaksine-neste-uke/72106554 . Dagbladet
  68. Bats face checks over virus fears. Bangkok Post. Vitja 30. januar 2020
  69. 69,0 69,1 Ricardo, Paul (29. januar 2020). «Here's The Science on How Serious The Wuhan Coronavirus Outbreak Actually Is». Australia: ScienceAlert. Agence France-Pressse. Henta 29. januar 2020. 
  70. https://www.nrk.no/urix/ekspertene-anslar-massiv-underrapportering-av-antall-smittede-1.14892014
  71. https://www.vg.no/nyheter/utenriks/i/awx2JA/journalist-savnet-etter-corona-kritikk-i-tvangskarantene . Vitja 2020-02-11
  72. «China CDC developing novel coronavirus vaccine». Xinhua. 26 January 2020. Arkivert frå originalen 26 January 2020. Henta 26 January 2020. 
  73. «Chinese scientists race to develop vaccine as coronavirus death toll jumps». SCMP. 26 January 2020. Arkivert frå originalen 26 January 2020. Henta 26 January 2020. 
  74. Cheung, Elizabeth (28 January 2020). «Hong Kong researchers have developed coronavirus vaccine, expert reveals». South China Morning Post. Arkivert frå originalen 28 January 2020. Henta 28 January 2020. 
  75. «Russian Tourists Undeterred From China Despite Coronavirus Outbreak». 22 January 2020. Henta 29 January 2020. 
  76. Docs tout pill combo. Bangkok Post. Vitja 3. februar 2020
  77. Thai doctors say two drug groups help cure patient. (2. februar 2020). Bangkok Post. Vitja 2. februar 2020
  78. UK prisoner tested for coronavirus after Thailand extradition is named as Mark John Rumble. Vitja 2020-02-12. «Professor Paul Cosford, emeritus medical director of Public Health England (PHE), said [...]. He added: "I should say that the people who are of concern are those who have had very close contact with somebody with coronavirus - face-to-face contact or within a two-metre range for 15 minutes or more."»
  79. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet DXY
  80. 新型コロナウイルスに関連した肺炎の患者の発生について (på japansk). Ministry of Health, Labour and Welfare. 25 January 2020. Arkivert frå originalen 25 January 2020. Henta 25 January 2020. 
  81. «Archived copy» 新型肺炎、日本国内3人目の感染者…武漢から旅行で来た女性. Yomiuri Shimbun (på japansk). 25 January 2020. Arkivert frå originalen 25 January 2020. Henta 25 January 2020. 
  82. First case of medical worker found. Bangkok Post. Vitja 2020-02-15
  83. «สธ.ยืนยันพบผู้ป่วย “ไวรัสโคโรนา” 8 ราย». PPTVHD36 (på thai). 25 January 2020. Henta 26 January 2020. 
  84. https://www.vg.no/nyheter/utenriks/i/y3nQlg/sykehus-corona-varsler-doed-etter-iherdige-forsoek-paa-redning

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]