Utanriksdepartementets aspirantkurs

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket


Utanriksdepartementets aspirantkurs er eit treårig traineeprogram med sikte på fast ansettelse i den norske utenrikstjenesten. Kvart år er det mellom 300 og 500 søkarar, der mellom 10 og 20 kjem inn på aspirantkurset. I 2011 vart det teke opp 10 aspirantar, i 2010 vart det teke opp 14, og i 2009 vart det teke opp 16.[1]

Disse tjenestegjør først to år i Oslo og deretter eitt år ved ein norsk stasjon (ambassade, delegasjon, generalkonsulat eller representasjonskontor) i utlandet, før dei vert fast tilsett. Normalt tjenestegjør ein to år til på første stasjon, og tre år på ein ny stasjon. Dermed er ein stasjonert i utlandet i seks år i strekk før ein returnerer til Oslo.

Som del av dei to åra i Oslo vekslar aspirantane mellom å arbeida som saksarbeidar i ein av UDs seksjonar, og å følgja kurs hos Utenrikstjenestens kompetansesenter. Kursane omfattar språk, kultur, politikk, økonomi, miljø og andre relevante sakfelt, i tillegg til diplomatisk handverk. Ein dreg òg på to turar innanlands, til høvesvis Nord-Noreg (inkludert Svalbard) og Vestlandet.

Før ein kjem inn på aspirantkurset må ein gjennom ein omfattande opptakprosess som inkluderer essayskriving, møte med psykolog og intervju av UDs aspirantnemnd.

Kjende UD-aspirantar[endre | endre wikiteksten]





Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Utenriksdepartementet - Aspirantar til utenrikstjenesten