Gammalnorsk sau

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Utgangarsau)
Gammalnorsk sau (utegangarsau) i Brønnøy i Nordland

Gammalnorsk sau er ein sauerase som er rekna som ein rest av den norske eller europeiske landrasen som har gitt opphav til islandske, færøyske og norske spælrasar. På vestlandskysten kan dyr av denne rasen gå ute heile året. Andre namn på sau av denne rasen er villsau, steinaldersau, vikingsau, ursau og utegangarsau.

Eigenskapar[endre | endre wikiteksten]

Gammalnorsk sau veg mellom 30 og 45 kg. Alle vêrane og ein del av søyene har horn. Halen er stutt, og fargen på ulla varierer frå kvit over grå og brun til svart, oftast i kombinasjonar av fargane. Botnulla er kort og finfibra, dekkulla er meir grovfibra.[1]

Gammalnorsk sau er utprega flokkdyr. Sauen er svært årvaken, det er alltid ein sau på vakt. Slik vernar han seg sjølv mot rovdyr. Sauerasen er derfor forsøkt i område med rovdyrproblem.

Gammalnorsk sau gir slakt med låg slaktevekt, jamført med moderne sauerasar. Ettersom mykje gammalt slåttland er gått ut av bruk, finn sauene ofte beite på tidlegare innmark. Sauerasen er tilpassa skrinnare beite, og om han beitar på grasmark får ikkje kjøtet fullgod kvalitet.[2] Dyr som har beita på land med minst 30 % lyng i vegetasjonsdekket, og som elles tilfredsstiller spesifikke krav, kan marknadsførast som Villsau frå Norskekysten.[3]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Villsau med lam på Bjåstad.

Den gammalnorske villsauen stammar sannsynlegvis frå sauer som steinalderfolket tok med seg nordover. Funn av 4500 år gamle fossile sauebein i Skipshelleren i Vaksdal kommune i Hordaland viser særtrekk som minner mykje om bein frå sau av rasen gammalnorsk sau. Også storleiken og forma på den gammalnorske sauen høver med desse beinfunna. Det er store genetiske fellestrekk med andre nordeuropeiske korthala sauer.

Sidan rasen går i utgangardrift, vert det bruka mange hanndyr i avlen. Dette har bidrege til å oppretthalde det genetiske mangfaldet. Den gamle sauerasen vart bruka tilnærma uforedla mange stader på norskekysten fram til attenhundretalet.

I 1912 vart det oppretta to avlsstasjonar for å berge det som var att av desse opphavlege sauene. Frå den eine avlsstasjonen har vi kystsau som vart grunnlaget for gammalnorsk sau. Frå den andre har vi korthalesau frå innlandet, som vart grunnlaget for moderne spælsau og gammalnorsk spælsau.[4]

Selbjørn Villsaulag vart starta i 1956 med formål å fremje villsaudrift og ta vare på den gammalnorske sauen. Sidan har talet på dyr av den gamle sauerasen auka, spesielt i Austevoll i Hordaland.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Nordisk genbank[daud lenkje]
  2. Norsk sau og geit: «Skeptisk til villsausatsing», arkivert frå originalen 14. desember 2007, henta 28. november 2010 
  3. Forskrift om vern av Villsau frå Norskekysten som geografisk nemning
  4. Skog og landskap, arkivert frå originalen 11. oktober 2016, henta 29. november 2010 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]