Utilitarisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Utilitarisme, òg kjend som nytteetikk eller konsekvensetikk, er ein normativ konsekvensialistisk etisk teori som inneber at eit individ handlar rett dersom det fører til størst nytte for flest.[1] Det er ikkje ein fleirtalsetikk, men eit kriterium basert på nettosummen av lyst/lykke. Målet er å skapa eit betre samfunn, ei handling er difor berre moralsk rett viss ho bidreg til å realisera eit godt formål. Ein skal velja den handlingsmåten som fører til best konsekvensar.[2] Innanfor utilitarismen er David Hume, Jeremy Bentham, John Stuart Mill og John Rawls sentrale filosofar.

Det finst hovudsakleg to variantar innanfor utilitarisme:[3]

  • Handlingsutilitarisme har fokus på sjølve handlingane. For å seia at ei handling er rett, må ein vurdera konsekvensane som den spesifikke handlinga kan ha.
  • Regelutilitarisme har fokus på handlingsreglar. Ei handling er moralsk rett dersom ho er i samsvar med ein handlingsregel som, sammenlikna med alternative reglar, er den regelen som vert tenkt å ha dei beste konsekvensane.

Nyttemaksimering[endre | endre wikiteksten]

Verdien til ei handling er bestemt av dei faktiske eller forventa konsekvensane til handlinga, her skal ein vektleggja kva som er moralsk rett for alle – som gjeld alle. Ei handling er moralsk rett dersom ho fremjar best mogeleg gode konsekvensar (nytte og lykke) for flest, ifylgje Jeremy Bentham.[4] Alle menneske er universelle og egalitære, vi er difor like mykje verdt. I vurderinga av konsekvensar, må ein taka omsyn til alle partar handlinga retter seg mot, og interessene til alle partane skal veie like tungt.

Lystkalkyle[endre | endre wikiteksten]

Jeremy Bentham meinte ein kunne rekna seg fram til konsekvensane ved å nytta lystkalkylen hans. Her rekna han alle innvolverte partar sin glede eller smerte av ei potensiell handling. Dersom det totale biletet viste at det var meir glede enn smerte kunne handlinga definerast som moralsk rett.[5]

Sporvognproblemet[endre | endre wikiteksten]

Illustrasjon av sporvognproblemet (the trolley problem).

I det klassiske tankeeksperimentet sporvognproblemet, der ein skal tenkja seg eit tog som ikkje klarar å stansa, og må anten køyra over éin eller fem personar som ligg på togbana. Vedkomande med spaken har eit val mellom å lata toget køyra rett fram – over fem personar, eller trekkja i spaken slik at toget køyrer mot høgre – over éin person. Ifylgje utilitarismen bør ein handla slik at det fører til best konsekvensar for flest, i dette tilfelle bør toget køyra over han eine personen – for å redda dei andre fem.

Kritikk[endre | endre wikiteksten]

I utilitarismen er det nesten umogeleg å sjølvrealisera sine mål, og det å taka omsyn til personlege interesser eller relasjonar er irrelevant. Det er heller ikkje rom for spesielle pliktar (t.d. verna venar og familie) eller supererogatoriske handlingar (t.d. gjera noko meir enn forventa). Når ein handlar skal ein alltid streva etter dei beste konsekvensane, ein må difor alltid velja den handlinga som genererer det best moglege utfallet for alle partane.

Ingen handlingar kan i seg sjølv reknast som moralsk rette eller galne, då alt avheng av konsekvensane. Det tyder at ei handling kan vera moralsk rett i ein viss situasjon.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Sagdahl, Mathea Slåttholm (28. juni 2020). «konsekvensetikk». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  2. Aanesen, Karl Henrik. «Konsekvensetikken» (på Nynorsk). NDLA. Henta 4. november 2022. 
  3. «Utilitarisme», Filosofi.no (på norsk bokmål), henta 24. oktober 2022 
  4. Sagdahl, Mathea Slåttholm (1. juli 2021). «utilitarisme». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  5. https://ntnuopen.ntnu.no/ntnu-xmlui/bitstream/handle/11250/2465805/Anne%20M.%20Lyng%C3%A5s.pdf?sequence=1&isAllowed=y

Litteratur[endre | endre wikiteksten]