Eksil

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Utlegd)
Protestantar frå Salzburg tvinga i eksil. Bilete frå rundt 1732.

Eksil, utlegd eller landflyktigheit er det å leva utanfor heimlandet sitt. Omgrepa blir ofte brukt om dei som er tvinga til å forlata landet, anten fordi dei er dømde til det som straff eller fordi dei sjølv meiner dei ikkje kan vera trygge der.

Napoleon i eksil på St. Helena måla av Franz Josef Sandmann rundt 1820.

Eksil kan òg brukast i lausare tyding om folk som meir frivillig har busett seg utanlands, men held på den nasjonale identiteten sin, til dømes «eksilnordmenn» eller «eksilfinnar». Dersom store delar av ei folkegruppe dreg i eksil blir dei kalla ein diaspora.

Sjå og[endre | endre wikiteksten]