Utlendingsdirektoratet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Utlendingsdirektoratet
Type Direktorat
Skipa 2. januar 1988; 30 år sidan (1988-01-02)
Hovudkontor Hausmanns gt. 21 i Oslo
Direktør Frode Forfang[1]
Tilsette 1 333 (2016)[2]
Motto Menneskeverd, profesjonalitet, helhet
Lokale ledd 6 regionkontor[3]

Utlendingsdirektoratet (UDI) er eit norsk direktorat med kontor i Oslo. Direktoratet vart skipa i 1988 ved at Statens utlendingskontor og Statens flyktningssekretariat vart slegne saman,[4] og ligg under Justis- og beredskapsdepartementet.

Direktoratet har ansvaret for førehavinga av søknader frå utlendingar om visum til Noreg, opphaldsløyve i landet, norsk statsborgarskap, reisedokument for utlendingar, krav frå flyktningar om få vern (asyl) i Noreg, og for drifta av asylmottak. Direktoratet avgjer dessutan søknader om assistert retur,[5] som går ut på å gje økonomisk stønad til søkarar som må reise attende til heimlandet etter å ha fått avslag på søknad om asyl, og avgjer søknader om tilbakevending, som går ut på å gje økonomisk stønad til flyktningar som ynskjer å returnere til heimlandet. Direktoratet har òg som oppgåve å gjere vedtak om bortvising og utvising av folk som ikkje har rett til å kome inn eller vere i Noreg.

Fram til 1. januar 2006 hadde Utlendingsdirektoratet ansvaret for integreringa av flyktningar i kommunane ikring i Noreg, men dette vart då lagt under Integrerings- og mangfoldsdirektoratet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]