Stavingsutlyd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Utlyd)
Hopp til navigering Hopp til søk

Stavingsutlyd, utlyd eller koda er i fonetikken nemninga for ein språklyd som står til slutt i eit ord, i motsetnad til framlyd og innlyd. Stavingsutlyden er den siste delen av ei staving, den delen som kjem etter stavingskjerna. Stavingsutlyd og stavingskjerne i lag dannar stavingsrimet.

Eit eksempel er ordet fjell der ll står i utlyd (i motsetnad til ordet alle, der ll står i innlyd). Ei staving som har koda blir kalla for ei lukka staving, mens ei staving som ikkje har det er ei open staving. Ordet ma.te har to opne stavingar, mens ordet mak.te har ei lukka og ei open (stavingsgrensa vart markert med punktum).

Reglar[endre | endre wikiteksten]

Nokre språk er bygde opp slik at dei berre kan ha få eller enkle stavingsutlydar. I japansk er til dømes desse lydane tekne frå ei lita gruppe konsonantar som må stå åleine i slutten av ei staving. Andre språk, som norsk og engelsk, kan ha mange ulike konsonantar og samansetjingar sist i stavingar.

Når japansk tek inn lånord frå engelsk, kan desse ulike språklydreglane skapa problem. Desse kan løysast ved å leggja til ei staving, slik som i «biiru» (øl), frå engelsk «beer», der det er lagt til ei ekstra open staving for å unngå stavingsutlyden /r/.

Døme[endre | endre wikiteksten]

Stavingsutlydar Ingen Ein To Tre Fire
I ord ku kul kult cults sixths
Lydskrift /kʉ:/ /kʉ:l/ /kʉlt/ /kɜlts/ /siksθs/
Spire Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.