Utmattingskrig

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ei britisk skyttargrav ved Somme under første verdskrigen, bilete frå juli 1916.

Utmattingskrig er ein militærstrategi der ei krigførande side prøver å vinne ein krig med å nedkjempe fienden ved å få han til å bruke opp reservane sine av materiell og personell. Ein eventuell krig vil etter kvart bli vunne av den parten som har størst reservestyrke. Motstykket til utmattingskrig er manøverkrigføring, og all militær doktrine kan passast inn på ein skala mellom desse to ytterpunkta.

Historisk perspektiv[endre | endre wikiteksten]

Eit døme på utmattingskrig var skyttargravskrigane på vestfronten under første verdskrigen, der begge styrkane fann seg i ein statisk defensiv posisjon i skyttargraver som strekte seg frå dei sveitsiske Alpane til Den engelske kanalen. I fleire år utan høve til å utmanøvrere, trudde kommandantane at den einaste måten dei kunne overvinne fienden på var å fortsetje å angripe rett mot fronten og dermed utmatte dei.

Vietnamkrigen vart ofte kalla ein utmattingskrig («war of attrition») sidan strategien til amerikanarane var å nedkjempe krigsviljen til fienden. Til slutt viste det seg at denne strategien feila på grunn av den asymmetriske delen av konflikten og den fundamentale undervurderinga USA gjorde andsynes tiltakshuga til den nordvietnamesiske regjeringa og støttespelarane til denne for å sigre over fiendane sine uansett kva det ville koste.

Dei fleste militære teoretikarar har gjennom historia sett på utmattingskrig som uønskt, og noko som bør ein bør unngå. Denne forma for krig, der ein freistar å slite ut motstandaren i stor mengd, representerer det motsette av dei vanlege prinsippa i krig, der ein freistar å skaffe seg avgjerande sigrar gjennom manøvrer, styrkekonsentrasjonar, overraskingsmoment osv. På den andre sida kan den parten som har mindre fordelar av ein manøverkrig eller taktikk med vilje sjå mot ein utmattingskrig for å nøytralisere fordelane til motstandarane.

Eit døme vil vere den siste delen av den amerikanske borgarkrigen, der Ulysses S. Grant pressa på den konføderale hæren til trass for store tap, sidan han var sikker på at forsyningane til nordstatane og mengda soldatar ville overvinne sørstatane, sjølv om mengder offer var imot dette.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]