Utrecht-skulen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vulcanus lenkjer Prometheus av Dirck van Baburen (1623), no i Rijksmuseum i Amsterdam.

Utrecht-skulen var ei kunstrørsle som oppstod rundt Utrecht i Nederland ved starten av 1600-talet. Ho var sterkt inspirert av den italienske målaren Caravaggio, og målarane som tilhøyrde henne er også blitt omtalt som Utrecht-caravaggistane. Skulen var inspirert av realismen og chiaroscuro-teknikken i verk av Caravaggio og etterfølgjaren hans Bartolommeo Manfredi.

Nokre av medlemmane var Hendrick Terbrugghen, Gerrit van Honthorst og Dirck van Baburen, som var elevar og Abraham Bloemaert og var i Roma på byrjinga av 1610-åra. Her var også Jan van Bijlert, Matthias Stom og Adam Elsheimer, sistnemnde truleg ein annan påverknad på skulen.

Motiva til målarane i Utrecht-skulen kunne vera religiøse, mytologiske, historiske eller verdslege. Sjangermåleri av typen Caravaggio hadde utført utgjorde ein framtredande del. Dei oppnådde chiaroscuro-effekten ved å måla enkle lyskjelder i mørke rom.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Jens Peter Munk: Utrechtskolen i Den Store Danske, Gyldendal. Henta 14. juni 2017.