Utropet eia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
«Vom Himmel hoch, o Engel, kommt» frå 1630 med «Eia, Susani» som omkved.

Eia er ein interjeksjon som kan tyda 'akk' eller 'å'. Ordet har truleg kome til norsk gjennom dansk og tysk frå latin-gresk.[1] Det blir også skrive eja.

Ordet eia er ein del brukt i salmar, og finst i utrop som eia meg! ('jøye meg!').[1]

Ein finn eia brukt i nokre julesongar som «Eg synger jolekvad» og i den tysk-latinske originalversjonen «In dulci jubilo». Andre tyske julesongar som bruker ordet er «Singen wir mit Fröhlichkeit», «Zu Bethlehem geboren», «Vom Himmel hoch, o Engel, kommt» og «Wie schön leuchtet der Morgenstern».

Andre salmar som bruker ordet er den opphavleg danske «Eia, mitt hjerte inderlig jubilerer» av Elle Andersdatter. Salmen frå 1695 er brukt både i Danmark, Noreg og Sverige.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]