Utrydding av fugleartar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Utrydding av fuglearter)
Hannfugl av vandredue, Ectopistes migratorius, utrydda i 1914, austre Canada og USA

Lagnaden til vandredue i Nord-Amerika er eit slåande døme på utrydding av fugleartar som har skjedd i nyare tid. Frå ein bestand estimert til totalt ca. fem milliardar[1] individ midt på 1850-talet, vart arten snøgt jakta ned fram til den siste ville vandredua blei skoten i 1902.[2]

Geirfugl, Pinguinus impennis, utstoppa eksemplar i Natural History Museum, London

Alkefuglen geirfugl er eit sentralt og ikonisk døme i forteljinga om utrydding av fuglar i historisk tid. Han er den einaste kjente arten med leveområde i Europa som blei utrydda i historisk tid, den einaste med nærvære i Noreg og ein mogleg tidlegare hekkefugl i landet. Ei hending ved Vardø i 1848 er skildra som ei mogleg siste avliving av ein geirfugl, men hendinga er ikkje rekna som vitskapleg truverdig observasjon av arten.[3]

Av dei omtrent 10 700[4] til 11 100[5] fugleartane som har vore skildra, er 159 artar utrydda, og 225 artar er kritisk truga, av dei som er kategoriserte kritisk truga er 22 sannsynlegvis allereie utrydda. Det er ei generell semje blant forskarar som studerer desse trendane om at viss menneskeleg innverknad på miljøet held fram som siste tiåra, så vil ein tredel av alle fugleartar og ein endå større del av fuglebestandane vere borte ved slutten av dette hundreåret.[6]

Nokre artar som ikkje er utdøydde og verkar rikelege i bestand, har trass i dette fått reduserte populasjonar frå tidlegare år. Til dømes har populasjon av trastar i Nord-Amerika gått ned 50 % dei siste 50 åra. I følgje American Bird Conservatory minkar 12 % av fugleartane på den vestlege halvkula med ei slik fart at dei vil bli utrydda i løpet av det neste hundreåret.[7]

Historisk oversyn[endre | endre wikiteksten]

Sumpparula, Vermivora bachmanii, søraustre USA og Cuba, ikkje funne etter 1980-åra
Måleri av ein dronte, ein raud parakitt til venstre og ein blå til høgre
Den berømte «Edward sin dronte», målarstykke av Roelant Savery, 1626
Vorteblådue, Alectroenas nitidissimus, uttrydda frå 1840 på Mauritius
Labradorand, Camptorhynchus labradorius, utdøydd ca. 1875
Maorivaktel, Coturnix novaezelandiae, utrydda ca. 1875, New Zealand
Hawaiimamo, Drepanis pacifica, utrydda frå ca. 1898
Kangaroo Island emu, mogleg underart av emu, utdøydd ca. 1827
Sjå òg evolusjonen av fuglar

Notidas fuglar, moderne fuglar, har ein evolusjonær periode frå om lag midt i krittida, ca. 100 til 120 millionar år tilbake i tid. Dei i underkant 11 000 fugleartane vi ser i dag er trudd å utgjere ca. ein prosent av alle artar av moderne fuglar som har eksistert. Dei 99 % andre artane er utdøydde. Framvekst av nye artar og etterfølgjande utryddingar vart drivne av langsame, naturlege prosessar på jorda som kontinentaldrift med splitt og samanslåingar, vulkanisme og klimaendringar.

Utrydding i mennesket sine tidsaldrar[endre | endre wikiteksten]

Sameksistens menneske-fugl på jorda har berre skjedd i ein ekstremt kort periode av fuglar sitt tilvære etter at menneske blei spreidde på kontinenta, til dømes i Australia for 50 000 år sidan. Det er funne eit gjennomgåande mønster som syner at menneskeleg ekspansjon til eit nytt kontinent blir følgt av ei utryddingsbølgje på kontinentet, bortsett frå i Afrika. Menneskeleg nærvære har endra livstilhøva i habitata for fuglar og har redusert og utrydda bestandar i ei heilt anna tempo enn i tidlegare geologiske epokar. Det er estimert at ca. 8000 fugleartar som har levd på land er blitt utrydda av menneske i denne korte perioden av sameksistens. Nyare utdøydde artar er dokumenterte av funn av beinrestar. Det er semje blant biologar om at artsutrydding som går føre seg i dag, i antropocen, skjer i eit tempo som kan samanliknast med krit-tertiær-utryddinga.[8]

I sein pleistocen

Teratornis var ein gigantisk rovfugl som levde i Nord-Amerika til han døyde ut for ca. 10 000 år sidan, om lag 10 000 år etter at menneske kom til kontinentet. Dette var òg omtrent samstundes med at anna amerikansk megafauna døydde ut eller blei utrydda av menneske.

I holocen

Funn av beinrestar frå tidlegare fugleartar ved arkeologiske stader har avdekt eit stort artsmangfald i Karibia, 3-4000 år tilbake i tid. Berre eit lite utval av desse fugleartane er i dag ein del av faunaen på øygruppa. Øyane vart koloniserte for ca. 6000 år sidan.

Ei namngjeven fuglegruppe elefantfuglarMadagaskar døyde ut for ca. 1000 år sidan, berre ca. 200 år etter den fulle kolonisering av øya.

New Zealand har seinare døme, landet vart busett av menneske frå omtrent år 1200. Dei ni artane av strutseliknande moafuglar utan flygeevner vart utrydda innan ca. år 1440, og den kjempestore moaørna kanskje litt før det igjen.

Ein veit òg at andre «øyartar» døydde ut før år 1500, til dømes ibisar på Hawaii og tallause artar av rikser utan flygeevner.[9] Ut frå funn av bein eller fossiliserte beinrestar, er det estimert at meir enn 500 rikseartar utan flygeevne levde på tropiske stillehavsøyar på den tida då øyane fekk menneskeleg kontakt.[10]

Etter år 1500[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg detaljert oversyn fugleartar utdøydde etter år 1500‎‎

Frå ca. år 1500 starta ei meir vitskapleg skildring av fauna som har gjort det mogleg å systematisere fugleartar. I denne siste korte perioden har meir enn 150 namngjevne fugleartar døyd ut eller vorte utrydda, fleirtalet av utryddingane har skjedd på øyar, spesielt dei i Stillehavet. Desse inkluderer land som New Zealand, Australia, Fiji og Papua Ny-Guinea. Det er ein dominans av rikser, papegøyefuglar, duer og hawaiifinkar blant dei utdøydde artane etter år 1500.[11] Sjølv om artane har fått artsnamn på engelsk er fleire artar som døydde ut i perioden 1500 til år 1900 svakt skildra og kanskje berre kjent av artsprøvar eller holotype.

Verdas naturvernunion, IUCN, forvaltar ei global raudliste som kategoriserer artar. Birdlife International, BLI, tilbyr informasjon og oversyn over fugleartar, inkludert dei med kategorien EX utrydda (extinct).[12]

Med øy meinast i det følgjande både dei større kontinentale øyar som New Zealand og dei mindre, ofte oseaniske øyar.

.1500-talet

Ein portugisisk ekspedisjon oppdaga St. Helena i 1502, og ein reknar at fem fugleartar vart utrydda på øya kort tid etter. Dette var to rikser, ein art i hærfuglfamilien og to petrellar med hekkehabitat på øya.

.1600-talet

Bermuda vart først vitja i 1505, men ikkje busett før folk frå England kom og kolonisete øya i 1607. Etter det døydde fem artar ut på 1600-talet, ein hegre, ei ugle, ein hauk, ein amerikasporv og ein hakkespett.

Mauritius vart busett av hollendarar frå 1638, og frå den tid følgde fire utryddingar på 1600-talet. Den mest kjente arten som var utrydda på øya frå 1662 er dronte, Raphus cucullatus, ein kjempestor medlem av duefamilien utan flygeevner. Dei tre andre er ei and, ein papegøye og ein hegre.

Rodrigues blei ikkje busett før i 1691, men vitja regelmessig av hollendarar på 1600-talet. Alectroenas payandeei, eng: 'Rodrigues Blue-Pigeon' kan ha blitt utrydda før 1700 som følgje av predasjon av forvilla rotter.[13]

Réunion vart oppdaga tidleg på 1600-talet og kolonisert. Åtte artsutryddingar hendte på 1600-talet inkludert to rikser, ein art truleg utan flygeevne, og ei med redusert flygeevne.

.1700-talet

I dette hundreåret skjedde ei vid europeisk kolonisering av stillehavsøyar som brakte med innførte pattedyr. Dermed kom òg snøgge utryddingar. Rodrigues fekk no 7 fugleutryddingar etter koloniseringa, inkludert rodriguesdronte, Pezophaps solitaria og rodriguesstare, Necropsar rodericanus.

Andre kjente utrydda artar som har namn på norsk er:

Totalt blei omtrent 30 fugleartar utrydda på 1700-talet.

.1800 talet

I dette hundreåret starta ei framleis pågåande utryddingsbølgje over Hawaii-øyane.

Fleire artar som ikkje er kategoriserte som «øyartar» er registrert som utdøydde i dette hundreåret:

Ein timalBorneo og tre artar på hovudøyane på New Zealand døydde ut.

Heile ni artar på Hawaii kom bort, fem i Karibia, inkludert kubaara, Ara tricolor. Seks artar på øyar i Indiahavet, inkludert snigelkoa, Coua delalandei, på Madagaskar døydde ut. Elles er det registrert ni utdøydde artar på øyar nær New Zealand, og ti på andre sentrale stillehavsøyar. Ein finn flest fuglar frå riksefamilien blant artane som blei utrydda i hundreåret, av dei fire utan flygeevne og tre med dårleg flygeevne.

.1900 talet

IUCN har ført opp meir enn 60 utrydda artar der utryddinga kan tidfestast til 1900-talet. Tolv utrydda hawaiifinkar er den største gruppa utryddingar i hundreåret. I tillegg blei dei siste tre artane utrydda i den no utdøydde familien Mohoidae av nektaretande songfuglar som var endemiske for øygruppa Hawaii. Det blei utrydda 14 artar på øyar i Stillehavet, inkludert ei rikse utan flygeevne i fransk Polynesia: tahitirikse (Gallirallus pacificus). Det er dessutan utdøydde representantar frå øyar ved Japan, i Indiahavet, i Karibia og ei rikse utan flygeevne på Tristan da Cunha i Sør-Atlanteren. Femten artar på øyar i New Zealand og ved Australia, inkludert to rikser utan flygeevne på Chathamøyane.

Ikkje-«øyartar» som vart utrydda er:

Dei to dukkarartane var utan flygeevne.

To ender er kategoriserte som kritisk truga av IUCN og rekna som moglegvis utrydda, CR(PE), av Birdlife International:

Eit døme på klassifisert som kritisk truga av IUCN er guadalupestormsvale, Oceanodroma macrodactyla. Arten har ikkje vore funnen att etter år 1912, trass grundig leiting og undersøkingar på Guadalupeøya utanfor Mexico i år 2000.[14] Birdlife International har klassifisert ho som kritisk truga, moglegvis utdydda, CR(PE).

.2000 talet

Ein medlem av tyrannfamilienSan Cristóbal, Galápagosøyane vart erklært utrydda i 2006. Ein dukkar på Madagaskar i 2010. Andre artar offisielt utrydda frå år 2019 er to omnfuglar som levde nordaust i Brasil. Dette er alagoaslauvgranskar, Philydor novaesi, og kaneltrejeger, Cichlocolaptes mazarbarnetti.

Den sist registrerte utryddinga på Hawaii er òg frå år 2019: haleakalafink, Melamprosops phaeosoma, (Po‘o’uli).

På Hawaii er dessutan fem andre finkeartar og ei trasteart forsvunne og står oppførte med status kritisk truge, moglegvis utrydda, CR(PE).

Årsaker til reduksjon av fuglepopulasjonar[endre | endre wikiteksten]

I historisk tid er det i mange tilfelle ein kombinasjon av fleire menneskeskapte og/eller naturlege omstende som fører til at ein art går under. Eit unnatak er når øyartar blir utsette for innførte predatorar som evolusjonen ikkje har gjeve vern mot. Då kan for eksempel forvilla kattar vere alt som skal til for ei snøgg utrydding av ei fugleart som har øya som einaste hekkestad.

Gjennom dei siste tiåra er utrydding av fuglar talfesta i Canada og USA, der er ca. 2,9 milliardar fugleindivid tapt i perioden 1970 til 2019.[15]

Fragmentering og tap av habitat[endre | endre wikiteksten]

Menneske omformar landskap ved jordbruksdyrking, etablering av plantasjar, drenering av våtmark, avskoging og innføring av beitedyr. Òg kystlinjer med mudderflater vert omforma, kommersialiserte og utbygde. Denne innskrenkinga av naturlege fuglehabitat skjer over store delar av verda, og er spesielt trugande for fugleartar som lever med små populasjonar i spesialiserte habitat. Eit døme er den kritisk truga blåskjegghjelmkolibrien, Oxypogon cyanolaemus,[16] som lever i høgtliggande del av sentrale Sierra Nevada de Santa Marta langt nord i Colombia. Dei færre enn 250 attverande individ av kolibrien kan ikkje migrere til nye passande habitat når avskoging, brenning og beitedyr innskrenkar habitatet deira i dette avgrensa fjellmassivet som er omkrinsa av lågland. Tapet av tropisk regnskog er det mest presserande problemet, då desse skogane har den høgste artstettleiken og likevel blir øydelagde fort.

I vår tid skjer det ei fragmentering av tidlegare store, kontinentale habitat slik at totalpopulasjonar blir splitta opp i mindre og isolerte fleirartspopulasjonar. Det oppstår menneskeskapte mosaikkar av habitatøyar, øyliknande flekker, med varierande storleikar og med tilsvarande sårbarheiter for fuglebestandar og artsmangfald som øyar har. Habitatøyar mistar uunngåeleg fugleartar, og dei små populasjonane forsvinn først. Døme på artar som blir raudlista av denne verknaden, saman med andre faktorar som jakt, er nokre av graslandfuglane i trappefamilien. Maharajatrappe, Ardeotis nigriceps,[17] og bengaltrappe, Houbaropsis bengalensis.[18] Dei kan framleis finnast på det indiske subkontinentet, men er klassifiserte som kritisk truga.

Introduserte artar[endre | endre wikiteksten]

Fuglepopulasjonar har synt seg særs sårbare når framande predatorar blir innførte til stader der opphavleg fuglefauna ikkje fekk eit evolusjonært vern. Dei iaugefallande døma er tilfella då pattedyr som kattar, røyskatt og rottar blei sette ut på øyar der fuglar gjennom evolusjonen hadde mista flygeevna. Innførte kattar tar livet av fuglar i stort monn også på kontinenta, det er rekna at berre i Noreg blir ca. 7 millionar fugleindivid drepne av huskattar årleg.[19] Dronten er det mest kjente dømet på ein art som sannsynlegvis vart driven til utrydding av introduserte artar, sjølv om menneskeleg jakt òg spelte ei rolle. Andre utdøydde artar som vart offer for introduserte artar var stephenklatresmett, Traversia lyalli og haleakalafink, Melamprosops phaeosoma. I vår tid er fleire artar sårbare for introduserte artar, og utryddingstruga, til dømes nordkokako, mangereflugeskvett, guamkråke og hawaiiand.

Invaderande artar treng ikkje vere predatorar for å gjere uboteleg skade. To framande fiskeartar som vart sette ut i Alaotrasjøen på Madagaskar er skulda for å ha medvirka til at arten alaotradukkar, Tachybaptus rufolavatus, forsvann og vart erklært utrydda i 2010.[20][21]

Snøgg utrydding kan gå føre seg når ei sjøfuglart er hekkeendemisk for ei øy, har reirplass i hòler i bakken, og øya blir invadert av forvilla kattar. Forsvinninga av guadalupestormsvala, Oceanodroma macrodactyla, er eit slikt tilfelle.

Direkte utnytting gjennom fangst[endre | endre wikiteksten]

Artar som er truga av fuglefangst inkluderer busksporvar, finkar medrekna nokre sisikar, vevarar, astrildar, starar, spesielt Acridotheres, eng: Myna, paradisfuglar, papegøyar, og dessutan rovfuglar, spesielt falkar til falkoneri.[22] Papegøyar er fuglegruppa med flest artar som i sterkast grad er truga av utrydding, og Birdlife International har trekt fram fangst til burfuglhandel som årsaka.[23]

Fangst av egg, fugleungar og vaksne fuglar har vore tradisjonell småskala matauk fleire stader i verda, har til dømes gått føre seg på Grimsey på Island (lunde),[24] på øyar utanfor Ytre Hebridane (havsule),[25] og på øyar utanfor Tasmania (smalnebblire),[26] men utan at fangstane har komme på eit nivå kor dei er førte opp som trugsmål mot bestandar.

Fuglepopulasjonar vil bli reduserte og kan gå mot utrydding når menneske drep individ i større mengd enn det fødselsrata kan kompensere for i populasjonen. Fuglar blir drepne eller egg hausta inn for mat, dei blir fanga for bruk til fjørpryd eller går inn i handel som burfuglar i ein verdsomspennande marknad. I 2012 var meir enn 857 fugleartar truga på grunn av jakt og fangst.[27]

Spesifikt døme på ein truga fink er arten raudsisik, Spinus cucullatus, i neotropisk region. Sidan 1940-talet har raudsisikar i Colombia og Venezuela vore utsette for fangst til burfuglhandel, og saman med tap av habitat har det ført med seg at arten er truga.[28] Eit anna døme er svartvengstareBali, vanlegvis underart Acridotheres melanopterus tertius, men hos Birdlife International klassifisert som art,[29] blei redusert til kritisk truga av fangst til burfuglhandel. Balistare, Leucopsar rothschildi, er i same situasjon, og klassifisert som kritisk truga med færre enn 50 attlevande individ.[30]

Kjemisk forgifting og ureining av miljøet[endre | endre wikiteksten]

Utvikling av bestandar av fugleartar som lever på jordbruksland i heile Den europeiske unionen og i nokre land, felles basis på 100 i 1990. Sveits, er avvikande, ikkje veldig avhengig av intensivt jordbruk, og her har nivået komme tilbake til 1990-nivå etter ein nedgang på byrjinga av 2000-talet[31]
██ Sverige ██ Nederland ██ Frankrike ██ Storbritannia ██ EU ██ Tyskland ██ Sveits
Réunionstare, Fregilupus varius, utrydda ca. 1850 frå Réunion
Tahitirikse, Gallirallus pacificus, utrydda rundt år 1935
Keisaramazon, Amazona imperialis, endemisk for øya Dominica, har ein estimert populasjon på mindre enn 50
Ou, Psittirostra psittacea, Hawaii, av BLI kategorisert som sterkt truga, moglegvis utrydda, sist observert i 1989

US Fish and Wildlife Service anslår at 72 millionar fuglar blir drepne av sprøytemiddel i USA kvart år.[32]

I heile Europa vart 116 fugleartar truga frå og med 1999. Reduksjonar i fuglebestandane har vist seg å vere assosiert med tider og område der plantevernmiddel blir brukte.[33]

Frå 1990 til 2014 har talet på fuglar som til vanleg beitar på jordbruksland gått ned i EU etter bruk av plantevernmiddel.[31] I eit anna døme er nokon typar soppdrepande stoff som blir brukte i jordnøttedyrking berre i liten grad giftige for fuglar og pattedyr, men kan drepe meitemark, som igjen kan redusere bestandar av fuglar som lever av meitemark. Nokre plantevernmiddel kjem i granulert form. Dyr og fuglar kan ete granulata og ta dei for å vere matkorn. Nokre få granulat av eit plantevernmiddel kan vere nok til å drepe ein liten fugl.[34]

Generelt har bruk av insektmiddelet DDT på 1950-talet og 1960-talet blitt kopla til nedgang i rovfuglpopulasjonar. Kvithovudørn, Haliaeetus leucocephalus, og fiskeørn, Pandion haliaetus, er det vanlege døme på artar som ikkje er mål for sprøyting, men blir råka av middelet. Ein fann samanheng mellom akkumulert DDT og eggskalfortynning hos rovfuglar som ei forklaring, når eggskal blir for tynne brest dei og blir ikkje klekte.

Seks artar av gribbar i Afrika og Asia er klassifiserte som kritisk truga. I Afrika er dette kopla til bruk av giftåte for å drepe pattedyr.[35] Ei snøgg nedgang i gribbpopulasjonar i India tok til på 1990-talet. Til dømes forsvann 99,9 % av alle bengalgribbar og 96,8 % av indiagribbane mellom 1992 og 2007. I India har ein forklart nedgangen med at bruk av legemiddelet diklofenak mot infeksjonar hos husdyr forgiftar gribbar som et av døde husdyr.[36]

Andre ureiningar av miljøet: Aukande mengder plastavfall blir transporterte med vind- og havstraumar over heile kloden, og mange artar tar dette feilaktig som føde i ei mengd som til slutt blir døyeleg.[37] Sjøfugl er sårbare for oljesøl på havet. Om dei kjem i kontakt med olje vil ho øydelegge vanntettinga i fjørdrakta, og fuglane døyr av forgifting eller av hypotermi.[38] Det er òg kjent at lysforureining kan ha ein skadeleg eller døyeleg verknad på nokre artar, spesielt nattlege, unge stormfuglar. Ei undersøking på Réunion fann at minst 20-40 % av alle ungfuglar av rodriguespetrell, Pterodroma baraui, blei forstyrra av lys frå land.[39]

Innføring av sjukdommar[endre | endre wikiteksten]

To kjente sjukdommar kan vere trugande for fuglar, fuglemalaria og fuglekoppar. Førstnemnde er som malaria ein infeksjonssjukdom, den andre er ein virussjukdom. Fuglepopulasjonar på kontinenta har utvikla ei viss grad av immunitet mot begge, medan fuglar på øyar langt frå kontinenta har mangla immunitet.

På øygruppa Hawaii registrerte ein at sporvefuglar i stor grad forsvann på andre halvleiken av 1800-talet, dusinvis av artar omtrent samstundes. I ettertid har ein funne at fuglemalaria og fuglekoppar kunne forklare mykje av fugleutryddinga. Vertsmygg for sjukdomane kom over med skip frå Mexico, og dermed kunne begge spreie seg. Dette skjedde i 1826, og sjølv om trekkfuglar bringa smitte med seg før den tid, blei ikkje smitta spreidd.[40]

Klimaendringa[endre | endre wikiteksten]

I ein studie frå 2019 er det estimert at 148 fugleartar i Nord-Amerika står i fare i for utrydding under føresetnad av at den globale oppvarminga blir avgrensa til 1,5 grader.[41] Reduksjon av polisen ved nordpolen og reduksjon av isbrear påverkar habitat til ismåsen. Det er rekna som ei av årsakene til at populasjonen minkar. Arten er klassifisert som nær truga.

Kollisjon med menneskeskapte strukturar[endre | endre wikiteksten]

Fuglar er trua av høghus, kommunikasjonstårn, vindturbinar, elkraftleiingar i luftspenn, flygemaskinar og andre menneskelege aktivitetar og strukturar som kjem i vegen for fuglar i fluktrutene deira.

Kollisjon med vindauge: Det er estimert at 365 til 988 millionar fugleindivid vert drepne kvart år i USA på grunn av kollisjon med vindauge.[42] Dette kan vere kjelda med største bidraget til menneskeleg relatert fugledød.

Flammetårn: Naturgass som brenn i fakkeltårn tiltrekker og drep fuglar. I eit enkelt tilfelle blei omtrent 7500 songfuglar på trekk drepne av ein fakkelflamme ved den flytande naturgassterminalen i Saint John, New Brunswick, Canada, den 13. september 2013.[43] Tilsvarande har flammar og lys på offshore olje- og gassinstallasjonar blitt rapporterte å tiltrekke seg sjøfuglar.[44]

Vindturbinar: Det er ikkje kjent at vindkraft som ein einaste årsaksfaktor nokon stad i verda står i fare for å utrydde ein spesifikk fugleart. I USA finst det lite kunnskap og dokumentasjon på vindkraftverka sine verknader på fuglebestandar.[45] I Noreg er har det i liten monn vore krav til konsekvensutgreiingar og bestandskartleggingar i samband med å handsame løyve til vindkraftutbyggingar.[46] Tilgjengelege tal viser at til dømes huskattar og elkraftleiingar i luftspenn for tida drep langt fleire fuglar enn det vindturbinar gjer, alle fugleartar samla sett. Når vindturbinane tar forholdsmessig fleire store fuglar, rovfuglar og trekkfuglar i trekkorridorar enn andre trugsmål, kan vindturbinar likevel vere eit signifikant trugsmål i høve til andre.[45] Statistikk for drepne fuglar i vindkraftparken på Smøla si driftstid frå 2006 til 2019, inkluderer 100 havørner, 2 kongeørner og 200 liryper, til saman ca. 500 fuglar fordelt på 68 turbinar.[46] Ein studie frå Canada viser at kvar turbin tar livet av i gjennomsnitt 8,2 fuglar per år, i tillegg har turbinane redusert storleiken på hekkehabitata.[47]

Andre[endre | endre wikiteksten]

Ressursgrunnlaget for ein art forsvinn: Eit avgjerande vilkår for bevaring av fuglepopulasjonar er at det eksisterer føde både for vaksne fuglar gjennom årssyklusen, og ofte meir spesialisert føde for fugleungar i hekkeperioden. Viss føda for ein art vert desimert, som til dømes når fiskebestandar blir reduserte av overfiske eller av klimaendringar, vil òg fuglebestandar etter ei tid reduserast i det aktuelle området. Eit døme er reduksjon av lundekolonienRøst. Lunde er no klassifisert som ei globalt sårbar art.[35]

Kombinerte stressfaktorar: Når ein art går mot undergangen er det i regelen fleire årsaksfaktorar som speler inn. Eit spesielt døme er keisaramazon, Amazona imperialis, endemisk for øya Dominica i Karibia, og kritisk truga med færre enn 50 attlevande individ, estimert etter orkanen Maria i 2017. Ein rask nedgang i populasjonen tok til frå 1880-talet med fangst for burfuglhandel og habitatøydelegging. Kombinasjon av mange faktorar gjer arten sårbar: Opphavleg hadde arten berre eit lite avgrensa utbreiingsområde på ei øy, så kom lang tids fangst til burfugl, delar av tidlegare habitat blei gjort om til plantasjar, det reduserte utbreiingsarealet auka konkurransen om reirplassar med andre artar, men det mest akutte trugsmålet i dag er skadane etter den store orkanen i 2017.[48]

Tilfeldige fluktuasjonar og små populasjonar: Det finst naturlege variasjonar i bestandar og tilfeldige hendingar kan føre til at populasjonar forsvinn. Om det globale utbreiingsområdet for arten er vidt, kan arten i nokre område vere livskraftig og spreie seg til andre område der det skjedde lokal utrydding. Og motsett, viss utbreiingsområdet var avgrensa, kan ei tilfeldig hending føre til total utrydding. Det moglegvis einaste habitatet for den litle populasjonen av arten ou, Psittirostra psittacea på Hawaii, vart råka av ein lavastraum i 1984. Ettersom det siste individet vart observert i 1989, kan det synast som om arten har bukka under for eit vulkanutbrot.

Når populasjonar kjem under ein kritisk storleik, kan arten bli råka av innavlsdepresjon og redusert genetisk variasjon.[49]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Fitzpatrick og Rodewald, side 579
  2. Joel Greenberg, From billions to none: A Passenger Pigeon timeline 9. januar 2014, henta 21. mai 2020
  3. Asle Hella, NRK nettavis, Geirfuglens grufulle skjebne 5. juli 2016, henta 21. mai 2020
  4. Schulenberg T.S.; M. J. Iliff; S. M. Billerman; B. L. Sullivan; C. L. Wood; T. A. Fredericks. (august 2019), eBird/Clements Checklist v2019 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 21. mai 2020 
  5. 2020 BirdLife International, Artsliste, alle IUCN raudlistekategoriar Henta 21. mai 2020
  6. Anne H. Ehrlich, Paul R. Ehrlich (2015). The Annihilation of Nature: Human Extinction of Birds and Mammals. Baltimore, Maryland: Johns Hopkins University Press. ISBN 1421417189 - via open edition. "65"
  7. American Bird Conservatory Extinction, henta 21. mai 2020.
  8. Fitzpatrick og Rodewald, side 583
  9. Fitzpatrick og Rodewald, side 584
  10. David W. Steadman (15 October 2006). Extinction and Biogeography of Tropical Pacific Birds. University of Chicago Press. ISBN 978-0-226-77142-7. 
  11. Fitzpatrick og Rodewald, side 586
  12. 2020 BirdLife International, Artsliste, IUCN raudlistekategori EX, utrydda Henta 21. mai 2020
  13. BirdLife International (2020) Species factsheet: Alectroenas payandeei. Henta 21. mai 2020
  14. Luther, Dieter (1996): Guadalupe-Wellenläufer. In: Die ausgestorbenen Vögel der Welt (Die neue Brehm-Bücherei 424) (4th ed.): 22. [på tysk] Westarp-Wissenschaften, Magdeburg; Spektrum, Heidelberg. ISBN 3-89432-213-6
  15. Svein Vestrum Olsson, NRK nettavis, Ny rapport avdekker omfattende fugledød 20. september 2019, henta 21. mai 2020
  16. BirdLife International (2020) Species factsheet: Oxypogon cyanolaemus. Henta den 21. mai 2020
  17. BirdLife International (2020) Species factsheet: Ardeotis nigriceps. Henta den 21. mai 2020
  18. BirdLife International (2020) Species factsheet: Houbaropsis bengalensis. Henta den 21. mai 2020
  19. Heggøy, Oddvar & Shimmings, Paul (2018), Huskattens predasjon på fugler i Norge (PDF), Norsk Ornitologisk Forening, NOF, henta 21. mai 2020 
  20. BirdLife International (2020) Species factsheet: Tachybaptus rufolavatus. Henta den 21. mai 2020
  21. «Dette er en eks-fugl». Aftenposten nettavis. 26. mai 2010. Henta 25. mai 2020. 
  22. Wild Bird Trade and CITES, Birdlife International, BLI, henta 21. mai 2020 
  23. Parnell, ed (18. februar 2016), Study identifies parrots as most-threatened bird group, Birdlife International, BLI, arkivert frå originalen 4. august 2020, henta 21. mai 2020 
  24. Tom Schandy (17. november 2019). «Da BBC kom for å filme ham,....». Aftenposten. Henta 21. mai 2020. 
  25. Fracer MacDonald (27. januar 2014). «The Hebridean guga hunt is 'ancient and sustainable', not a crime». The Guardian. Henta 21. mai 2020. 
  26. Skira, I. J. (1990). «Human exploitation of the Short-tailed shearwater (Puffinus tenuirostris)». Papers and Proceedings of the Royal Society of Tazmania 124 (1): 77–90. ISSN 0080-4703. doi:10.26749/rstpp.124.1.77. 
  27. Fitzpatrick og Rodewald, side 597
  28. BirdLife International (2020) Species factsheet: Spinus cucullatus. Henta den 21. mai 2020
  29. BirdLife International (2020) Species factsheet: Acridotheres tertius. Henta den 21. mai 2020
  30. BirdLife International (2020) Species factsheet: Leucopsar rothschildi. Henta den 21. mai 2020
  31. 31,0 31,1 Duval, Guillaume (11. April 2018). «Birds - collateral victims of intensive agriculture». Alternatives Economiques/EDJNet. Henta 21. mai 2020. 
  32. Fimrite, Peter (27.juni 2011). «Suit says EPA fails to shield species from poisons». The San Francisco Chronicle. 
  33. Kerbs JR, Wilson JD, Bradbury RB, and Siriwardena GM (12. august 1999), The second silent spring Arkivert 6. april 2008 ved Wayback Machine.. Kommentarar i Nature, Volume 400, Pages 611-612.
  34. Palmer, WE, Bromley, PT, and Brandenburg, RL. Wildlife & pesticides - Peanuts. North Carolina Cooperative Extension Service, arkivert hos web.archive.org. Henta den 21. mai 2020
  35. 35,0 35,1 Myklebust, Magne (29. oktober 2015), Vipe, tjeld og lunde med på ny global rødliste, Norsk Ornitologisk Forening, NOF, henta 21. mai 2020 
  36. Fitzpatrick og Rodewald, side 599
  37. Chris Wilcox, Erik Van Sebille, and Britta Denise Hardesty (September 22, 2015). «Threat of plastic pollution to seabirds is global, pervasive, and increasing». Proceedings of the National Academy of Sciences 112 (38): 11899–904. doi:10.1073/pnas.1502108112. 
  38. Follestad, Arne (mars 2012), Akutt skadeomfang og herkomst for sjøfugl etter Godafoss-forliset (PDF), Norsk institutt for naturforskning, NINA, henta 3. juli 2020 
  39. Le Correa, M., Ollivier, A., Ribesc S., Jouventin, P., (2002). "Light-induced mortality of petrels: a 4-year study from Réunion Island (Indian Ocean)." Biological Conservation 105: 93–102 [1]
  40. Fitzpatrick og Rodewald, side 601
  41. Holden, Emily (10.oktober 2019). «Two-thirds of bird species in North America could vanish in climate crisis». The Guardian. Henta 21. mai 2020. 
  42. Sandberg, Tor (25. september 2018). «Fuglenes dødeligste fiende». Dagsavisen. Henta 21. mai 2020. 
  43. «7,500 songbirds killed at Canaport gas plant in Saint John». Norges Ornitologiske Forening. 17. september 2013. Henta 1. juli 2020. 
  44. Francis K Wiese, W. A Montevecchi, G. K Davoren; F Huettmannc A.W Diamond J Linke (Desember 2001). «Seabirds at Risk around Offshore Oil Platforms in the North-west Atlanti». Marine Pollution Bulletin 42 (12): 1285–1290. doi:10.1016/S0025-326X(01)00096-0. 
  45. 45,0 45,1 Hutchins, Michael (April 8, 2017). «Understanding the Threat Wind Energy Poses to Birds». abcbirds.org. American Bird Conservancy. Henta 24. mai 2020. 
  46. 46,0 46,1 Eggen, Martin & Solbakken, Kjetil Aa. (2019). «Nei til mer landbasert vindkraft - for fuglenes skyld». Vår fuglefauna: medlemstidsskrift for Norsk ornitologisk forening 42 (2): 73. 
  47. J. Ryan Zimmerling, Andrea C. Pomeroy, Marc V. d'Entremont and Charles M. Francis, "Canadian estimate of bird mortality due to collisions and direct habitat loss associated with wind turbine developments", Avian Conservation & Ecology, 2013, v.8 n.2.
  48. BirdLife International (2020) Species factsheet: Amazona imperialis. Henta den 21. mai 2020
  49. Fitzpatrick og Rodewald, side 602-603

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]