Utsikt til paradiset

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Utsikt til paradiset er den første romanen av fire i serien om Elling av Ingvar Ambjørnsen.

Romanen vart utgjeve i 1993 på Cappelen og er omsett til fleire språk.

Dei fire bøkene i serien er Utsikt til paradiset (1993), Fugledansen (1995), Brødre i blodet (1996) og Elsk meg i morgen (1999)

Handling[endre | endre wikiteksten]

I denne første boka i serien om Elling, møter vi Elling, boka sin eg-person, i ein treroms blokkleilegheit i utkanten av Oslo. Her har han og mora budd i alle år, meir eller mindre isolert frå omverda. Det var bara mora han hadde noko som helst kontakt med, og mora hadde heller ikkje nokon spesiell kontakt med andre heller. Som han seier så sørgmodig: ”Hun var enebarn. Jeg var enebarn. Det kom ingen på besøk.”

Handlinga byrjar med at mora døyr, den einaste personen han har hatt kontakt med. Gret gjer han ikkje, og er heller ikkje særleg trist. Døden hennar etterlèt likevel eitt tomrom som Elling fyllar igjen med sine oppdikta forestillingar. Han byrjar no å sjå meir ut på verda, blant anna blokkene som omkranser leilegheita. Som om det ikkje var ille nok frå før, tek han på ingen måte initiativ til å oppsøkja og kontakta andre menneske no. I kvart fall ikkje direkte kontakt. Rommet til mor tømmer han, og han investerer i eit rådyrt teleskop med pengar han har spara opp på konto. Teleskopet plasserer han i vinduskarmen rett mot leilegheitene i dei andre blokkene. Meininga hans med dette, er å få eit innblikk i andres liv gjennom vindauget, utan at han på noko som helst måta skal oppfattast som ein kikkar. Gjennom teleskopet observerer han kva som føregår i dei andre leilegheitene. Han merkar seg små, avslørande detaljar, gjev personane namn, livshistorie, diktar handlingar og samtalar.

I byrjinga observerer han berre, men etter kvart som hans eigne draumar tek form og vert verkelege, i kvart fall for han, ynskjer han å verta ein del av livet til naboane. Han ynskjer å prata med personane, gje dei råd og rettleiing og leia dei i riktig retning. Mor rommet sitt, som før var særs ukjent for han, vart no hans eigen vesle inngangsportal til fellesskapet. Bortsedd frå å gjera hverdagslige ting som å handla i dagligvarebutikken og posta post på postkontoret i ny og ne, brukar han nesten all si tid på teleskoptitting.

Boka endar med at Elling vert drive ut av leilegheita si.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]