Utsira

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Merge-arrows.svg
Det er føreslått at denne sida blir flytta til Utsira kommune . (Sjå eventuelt diskusjon)
Utsira kommune
Kommune
Kommunevåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Rogaland
Adm.senter Utsira
Areal km²
Folketal 200 (1. januar 2016)
Folketettleik 33 / km²
Målform Nøytral
Ordførar Marte Eide Klovning (Ap)
Kommunenummer 1151
NO 1151 Utsira.svg
Wikimedia Commons: Utsira

Utsira er ei øy, eit sokn og ein kommune lengst vest i Rogaland fylke. Utsira er den minste kommunen i Noreg målt i innbyggjartal, og den nest minste målt i flatevidd.

Utsira sokn og kommune[endre | endre wikiteksten]

Utsira sokn er gammalt, men det er uvisst om her fanst kyrkje allereie i mellomalderen. Soknet var ein del av Torvastad kommune heilt fram til sommaren 1924, då det vart utskifta til ein kommune for seg sjølv, med 414 innbyggjarar.

Namn og kommunevåpen[endre | endre wikiteksten]

På gamalnorsk heitte øya Utsira berre Síri (nominativ) og Síra (genitiv). Fyrste stavinga «Ut», som kan samanliknast med Out Skerries på Shetland, vart lagt til på 1500- talet. Innbyggjarane kallar framleis øya for Sira og ein innbyggjar vert sjølv kalla «sirabu». Opphavet til namnet Sira er ein ikkje sikre på, men det kan tyda 'sterk straum'. Sira er au namnet på åna som skil Rogaland og Vest-Agder.

Kommunevåpenet i blått og sylv står for fyrlyset frå Utsira fyr slik det lyste tidlegare. Det blei utforma av John Digernes i 1982.[1]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Kommunen har 6,15 km² land, nesten alt på sjølve øya Utsira, der óg all folkesetnad finst. Øya ligg 15 km vest for Karmøy, og turen til og frå øya tek 75 minutt med ferje frå Haugesund. Øya har to ferjeleie, Nordvikvågen i nord og Sørevågen i sør, og den førstnemnde er mest brukt.[2]

Nordvikvågen på Utsira

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.