Utsirahøgda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kart som syner Utsirahøgda med olje- og gassfelt, ein undersjøisk høgderygg mellom Vikinggraben i vest og Norskerenna i aust.

Utsirahøgda eller Utsiraformasjonen er ein geologisk høgdeformasjon på havbotnen i Nordsjøen, 200 km vest for Rogaland. Høgda ligg mot aust i sørleg del av Vikinggraben, medan Shetlandplattformen utgjer den vestre høgda 60 km lengre vest. Aust for Utsirahøgda ligg Norskerenna inn mot kysten. I permtida var Utsirahøgda ein landfast fjellrygg av grunnfjell.

Utsirahøgda er kring 200 km lang (nord-sør) og 50 km brei (aust-vest). geologisk er kjerna kaledonsk grunnfjell medan dette etter permtida er overlagt med sediment av avrenning frå Baltica-kontinentet. Nedst vert høgda utgjort av grunnfjell, deretter sandstein frå trias og jura, kalkstein frå krit, og øvst skifer frå eocen. I området er det gjort fleire funn av olje og gass. Felt opprekna frå nord: Heimdalfeltet (gass), Jotunfeltet, Ringhornefeltet, Balderfeltet, Granefeltet og Sleipnerfeltet (gass).

Utsiraformasjonen har i seg store mengder porøs sandstein og skifer, og vert nytta til å lagra karbondioksid (CO2) frå Sleipnefeltet.