Utslokning i mineralogi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eit sandkorn av vulkansk glas under petrografisk mikroskop. Den amorfe karakteren gjer at det slokkar lys i krysspolarisert lys (nedst) og har derfor ikkje ein slokkevinkel. Skalaboksen er i millimeter.
Undulerande utslokning i kvarts.

Utslokning er eit optisk fenomen hos anisotrope stoff, som opptrer ved undersøking med polarisasjonsmikroskop. Det har særleg tyding ved studiet av mineralkorn i tynnslip. Under ein 360 grader omdreiing av objektbordet med kryssa polarisasjonsfilter vil mineralet slokke ut fire gonger (når hovudsvingeretningane til lyset i mineralet er parallelle med svingeretningane for polarisator og analysator).

Utslokningsvinkel vil seie den vinkelen eit snitt av eit anisotropt mineral må roterast frå ein kjend krystallografisk retning til utslokning. Denne vinkelen kan ha diagnostisk tyding ved identifikasjon av mineral.

Undulerande utslokning kan observerast hos einskilde mineral, særleg kvarts. Det består i at dei ulike dela av éit og same mineralkorn ikkje slokker ut samstundes. Fenomenet blir skulda at mineralet har vore utsett for trykk, slik at mineralkornene er brote opp i ein mosaikk, der dei einskilde dela har noko ulikt optisk orientering.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]