Utstein kloster

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Utstein kloster
Utstein kloster. Etter ei omfattande restaurering har det fått den kvitkalka fasaden ein meiner var opphavleg.

Utstein kloster er eit tidlegare norsk kloster som vart bygd i mellomalderen. Utstein kloster ligg på Klosterøy, den vestre delen av Mosterøy i Stavanger kommune i Rogaland fylke. Mosterøy er ei av øyane i Ryfylke.

Klosteret er det einaste klosteret frå før reformasjonen som finst att i Noreg, nokolunde heilskapleg som det stod i mellomalderen. Både kyrkja og nedre etasje av aust- og sørfløyen er i bruk. Klosteret ligg dominerande til, som eit lukka kompleks kring ein kvadratisk klostergard i eit ope landskap, og med vidt utsyn.

Den eldste skriftlege kjelda der klosteret vert omtala, er frå 1286. På det meste budde det 20-30 munkar i klosteret med kring dobbelt så mange lekfolk som stod for gardstellet, husbygging og matlaging. Klosteret hadde store jordeiegedomar og kunne halda mat til kring 250 menneske årleg.

Klosterlivet tok slutt i samband med reformasjonen i Danmark-Noreg i 1530-åra. Klosteret tilhøyrer i stiftinga Utstein Kloster. Klosterbyggverka er i dag i bruk som museum, konferansesenter og overnattingsstad.

Kloster[endre | endre wikiteksten]

Utstein kloster vart oppretta ei gong i tidsrommet 1263–1280. Klosteret på Utstein er rekna som ei vidareføring av det eldre Olavsklosteret i Stavanger. Augustinarane fekk i regjeringstida til Magnus Lagabøte ta over den tidlegare kongsgarden på Mosterøy, som låg ved skipsleia. Augustinarane overtok Olavsklosteret sine eigedomar, og godset auka i tillegg etter kvart. Sankt Laurentius vart vald til vernehelgen for klosteret.

I 1539 vart klosteret storma av biskopen sine. Christoffer Rustung lét det brenna ned.

Kyrkje og herregard[endre | endre wikiteksten]

Etter reformasjonen kom klosteret på fleire hender. I 1537 fekk Trond Ivarsson klosteret som len. Han var forplikta til å ta vare på munkane, men klosterfolket forsvinn i denne tida ut av kjeldene. Erik Urne (1601-30) innreidde klosteret til soknekyrkje. Klosterbygga stod lenge tomme, og vedlikehaldet var dårleg. Familien Garmann overtok i 1706. Då Christopher Garmann flytta kom flyttande i 1750, vart bygga sett i stand og sterkt endra. Familien Scancke tok over klosteret i 1885. Koret i kyrkja vart overført til staten i 1899. Kring 1900 vart kyrkjekoret og kyrkjetårnet restaurert. Fram til 1930-talet var klosterbygga våningshus. Restewb av bygga vart sett i stand mellom 1950-talet og 1960-talet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Utstein kloster
Litteratur