Utstilling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arkitektstudentutstilling.

Utstilling er ei organisert framsyning av eit utval gjenstandar, som varer, kunstverk, historiske minne eller eit anna. Slike utstillingar blir ofte haldne i kulturelle eller opplysingssamanhengar som museum, galleri, parkar, bibliotek eller handelsmesser. Dei kan ha ulike fokus, som einskilde kunstnarar, periodar, særskilde emne eller meir økonomisk innretta føremål.

Konseptet kring ei utstilling er ganske breitt, og omfattar mange variablar. Utstillingar kan spenna frå ei ekstraordinær, stor hending som ei verdsutstilling til små separatutstillingar med verk av éin kunstnar eller framsyning av berre éin gjenstand. Ofte trengst det ei gruppe av spesialistar til å setja saman og gjennomføra ei utstilling; desse spesialistane varierer avhengig av kva type utstilling det er snakk om. Nokre gonger er kuratorar dei som har ansvar for å velja ut gjenstandane som skal vera med i ei utstilling. Ein kan trenga forfattarar og redaktørar for å skriva tekst, etikettar og tilhøyrande trykt materiale som katalogar, hefte og bøker. Det kan vera behov for arkitektar, utstillingsdesignerar, grafiske designerar og andre designerar for å forme utstillingsrommet og gje form til det redaksjonelle innholdet. Organisering og halding av utstillingar krev også effektiv planlegging, leiing og logistikk.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Parissalongen i 1787, halden iLouvre.

Utstillinga kom til sin fulle rett på 1800-talet, men det hadde blitt halde ulike mellombelse utstillingar før dette, særleg dei regelmessige visingane av stort sett ny kunst i større byer. Parissalongen til Académie des Beaux-Arts var den mest kjente av desse, frå 1667, og open for publikum frå 1737. På midten av 1700-tallt var dette og tilsvarande tilstellingar i andre land blitt avgjerande for å utvikla og opprettholda omdømet til kunstnarar i samtida. I London har Royal Academy Summer Exhibition blitt halden kvart år sidan 1769, og British Institution heldt mellombelse utstillingar frå 1805 til 1867, typisk to gonger i året, ein med nye britiske måleri og ein med utlån av gammal mester-måleri frå Royal Collection og samlingane til aristokraten frå engelske country-house.

Plakat for ei kommersiell utstilling i 1894 i Partis, med diktaren Paul Verlaine til venstre og Jean Moréas til høgre.

På midten av 1800-talet var det blitt skipa fleire nasjonale museum i Europa, og desse heldt utstillingar frå sine eigne samlingar, utlånte gjenstandar, eller ei blanding av gjenstandar frå begge kjeldene. Dette er framleis ei typisk blanding i dag. British Museum sin Chronology of Temporary Exhibitions går tilbake til 1838.[2]

Tradisjonen med universale eller verdsutsillingar byrja med Great Exhibition i London i 1851, og fortsette med utstillingar halde med nokre års mellomrom. Eiffeltårnet i Paris blei bygt til Exposition Universelle (1889), og var inngangsportal for utstillinga.

Kunstutstillingar kan ha eit utval gjenstandar frå ulike former skapte av kunstnarar: Måleri, teikningar, handverk, skulptur, videoinstallasjonar, lydinstallasjonar, performance eller interaktiv kunst. Slike utstillingar kan fokusera på ein enkeltartist, ei gruppe, ein sjanger, eit tema, ei særskild samling eller anna. Dei kan organiserast av kuratorar, valde ut av juryar eller visa innsende kunstverk.

Kunstutstillingar har gjerne fokus på kunstverka, med mykje lys og rom rundt dei, og informasjon typisk gjeven via merkelappar, katalogar eller audioguidar som er meint å ikkje forstyrra sjølve kunsten.

Forklarande utstillingar[endre | endre wikiteksten]

Forklarande utstillingar har gjerne gjenstandar som krev meir kontekst for å forstå. Dette er gjerne utstillingar som tek for seg vitskapleg og historiske emne, der tekstar, kart, diorama, grafiske framstillingar og interaktive skjermar kan gje nyttig informasjon om bakgrunn og omgrep. Slike utstillingar har gjerne meir forklarande tekst og grafikk enn kunstutstillingar.

Emne for forklarande utstillingar og tilleggsinformasjon kan til dømes omfatta arkeologi, antropologi, etnologi, historie, vitskap, teknologi og naturhistorie.

Kommersielle utstillingar[endre | endre wikiteksten]

Frå den tredje allrussiske ustillinga, ei bilutstilling i 1907 i St. Petersburg.

Kommersielle utstillingar, gjerne kalla handelsmesse, varemesse eller expo, blir gjerne haldne slik at ulike organisasjonar knytte til ei spesiell interesse eller næring kan visa fram og demonstrera nye produkt og tenester, ha kontakt med rivalar og kundar og ta inn nye trendar og moglegheitar. Nokre handelsmesser er opne for allmugen, andre er berre opne for representantar frå føretaka og pressa.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bartsch, Frank (31. mai 2013). «Exhibition and Event Logistics». BB Handel. Henta 5. juni 2013. 
  2. British Museum Research Publication no. 189, "Chronology of Temporary Exhibitions at the British Museum", PDF