Uttale av lulesamisk skriftspråk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Uttale av lulesamisk skriftspråk er ikkje eit direkte samband mellom bokstav og lyd, som i finsk, men ulikskapane er regelmessige. Denne sida fortel korleis bokstavane i lulesamisk tekst skal bli uttala. For eit oversyn over lydsystemet i lulesamisk, sjå lulesamisk fonologi.

Bokstavane har (nesten) alltid same lydverdi.

Vokalane[endre | endre wikiteksten]

  • i, a, å blir uttalt som i norsk. Merk at a er kort.
  • á blir uttalt som ein lang a-lyd
  • u og o blir uttala som dei tilsvarande bokstavane i det norske ordet kumlokk, det vil seia at den samiske bokstaven u har uttale som namnet på den norske bokstaven o, og den samiske bokstaven o har uttale som den norske bokstaven å.
  • æ (på svensk side: ä) blir uttalt .
  • e blir i første staving uttala som norsk e men lenger ut i ordet som ie.

Diftongane[endre | endre wikiteksten]

  • ie i første staving blir uttala ie. Lenger ute i ordet blir uttalen ie skrive e
  • uo blir uttala som dei to lydane etterkvarandre, dvs. som med norsk uttale av bokstavane
  • oa blir uttala som norsk uttale av bokstavane åa
  • (i)æ den siste diftongen, blir skrive æ men uttalt

Konsonantane[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste konsonantane blir uttalte som på norsk. Merk bokstaven h, som verkeleg blir uttalt h, også før konsonant, som i ordet jåhkå (elv).

Konsonantane som blir bortimot rett viss vi latar som om dei er norske er desse: b, d, f, g, h, j, k, l, m, n, p, r, s, t, v .

Konsonantsambanda bb, dd, gg blir uttalt som lange stemte lukkelydar og konsonantsambanda pp, tt, kk blir uttalt som lange usemte lukkelydar.

Bokstavsambandet sj blir uttalt som i norsk skjorte, og tj som i norsk tjern eller svensk tjära.

Bokstaven ŋ blir uttalt som den siste lyden i norsk song.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Spiik, Nils Eric 1989: Lulesamisk grammatik. Umeå: Sameskolstyrelsen.