Uttale av sørsamisk skriftspråk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Uttalen av det sørsamiske skriftspråket skil seg frå uttalen til dei andre samiske språka.

Vokalane[endre | endre wikiteksten]

Det sørsamiske skriftspråket blir skrive med desse vokalsymbola: i, e, æ, a, y, u, o, å og ï.

Som einskildsymbol representerer vokalsymbola korte vokalar, med unntak av a, som i andre staving i visse ord står for lang a: Inga [inga:]. Dei sørsamiske vokalsymbola har til skilnad frå i t.d. nordsamisk omtrent same lydverdi som i norsk: y, u, o blir uttalt som i norsk og ikkje som i tysk eller finsk. Vokalsymbolet ï står i ei særstilling. Den representerer ein vokal som språkhistorisk har eit anna opphav enn i, og som for nokre talarar blir uttalt lågare og meir bakre enn i. Hos andre talarar representerer i og ï same fonem /i/.

Dei midtre vokalane kan vere lang, dei blir då skrive med doble vokalsymbol. aa, ee, øø, åå.

Sørsamisk har diftongane ie, åe, yø, oe, ua, åa, ae, ea, ue. Dei blir uttalt som om dei representerte norske vokalar, bortsett frå at ae, ea blir uttalt meir som æe, eæ.

Konsonantane[endre | endre wikiteksten]

p, t, k blir i byrjinga av ord uttala som i norsk. Inni ord blir dei uttala utan aspirasjon, dvs. som norsk p i ordet spade. Jf. tijje "tid" /thijje/. b, d, g blir som regel uttala som i norsk og svensk, men dei vart tidlegare uttala som uaspirert p, t, k i byrjinga av ord.

tj, sj, nj, ng representerer einskildlydane c͡ç, ʃ, ɲ, ŋ, altså postalveolar affrikat og frikativ. g og sk blir uttalt som på norsk, det er også ein tendens til å uttale dei som /j/ og /ʃ/ foran /i, ee/. Konsonantsambanda bp, dt, gk representerer lange /b:, d:, g:/.

h i slutten av ei staving blir uttalt som ein ustemt variant av vokalen den står attom.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

For å sjå sørsamisk tekst som lydskrift, gjer følgjande: Gå til denne sida Arkivert 2012-03-16 ved Wayback Machine., lim eller skriv inn tekst, kryss av for Transkriber under, og trykk Send skjema. Resultatet er den same teksten på IPA-lydskrift.