Uttale av walisisk språk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Uttalen av walisisk språk er regelmessig, men ikkje rett fram.

Det walisiske alfabetet består av desse bokstavane:

a b c ch d dd e f ff g ng h i j l ll m n o p ph r rh s t th u w y

ch, dd, ff, ng, ll, ph, rh og th fungerer som einskildbokstavar, og blir også alfabetisert som det i ordbøker.

k, q, v, x og z blir ikkje brukt i walisiske ord; j opptrer berre i engelske lånord.

  • a: a (kort eller lang).
  • ae: ai.
  • b: b.
  • c: k.
  • ch: som tysk ch i Buch (ikkje som i tysk ich).
  • d: d.
  • dd: stemt th som i engelsk this.
  • e: e, ä (kort eller lang).
  • f: v
  • ff: f
  • g: g.
  • ng: nesten alltid som ng i ting, berre unntaksvis som ng i bingo.
  • ngh: ng med høyrbar h.
  • h: h.
  • i: som i (kort eller lang)
  • j: som engelsk j.
  • l: l.
  • ll: ustemt frikativ l. (oppstår, når ein l og ein h blir uttalt samtidig)
  • m: m.
  • mh: mh med etterfølgjande h.
  • n: n.
  • nh: n med etterfølgjande h.
  • o: o (kort eller lang).
  • oe: oi.
  • p: p.
  • ph: f.
  • r: rulle-r
  • rh: ustemt rulle-r
  • s: ustemt s.
  • si: sj.
  • t: t.
  • th: ustemt th som i engelsk thing.
  • u: I sørlege Wales som i; i nordlege wales meir eller mindre som y.
  • w: som o (kort eller lang) dum, god.
  • wy: enten som oi (IPA [ui]) eller som engelsk wi i wit.
  • y: (1) I einstava ord og i siste stavinga av fleirstava ord, som walisisk u (jf. ovanfor). (2) Elles som trykklett norsk e i kaste. – Cymry = „Walisar“ (Plural) høyrest ut som kömri.

Vokalar kan vere kort eller lang:

  • kort er
    • alle ubetonte vokalar, som
    • betonte vokalar i konsonantgrupper (ch, dd, ff, th er einskildkonsonantar!) og framfor p, t, c, m, ng; unntatt når dei er markert med grav aksent (à, è osb.).
  • lang er betonte vokale framfor b, ch, d, dd, f, ff, g, s, th, enkel n, enkel r; unntatt når dei er markert med ein Sirkumfleks (â, ê osb.).

Trykket ligg på nest siste staving, med eit par unntak: brénin = „konge“, brenhínes = „dronning“, breninésau = „dronningar“. Eitt av desse unntaka er Cymráeg = „walisisk“.