Magiske gjenstandar i Harry Potter-serien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Magiske gjenstandar i Harry Potter-serien av J.K. Rowling kan vera viktige enkeltobjekt eller magiske ting til kvardagsbruk.

Gompe-teknologi som mobilar, kamera og datamaskinar vil slutte å verke når dei kjem i kontakt med område som har mykje magi i lufta, som på Galtvort.

Gjenstandar[endre | endre wikiteksten]

Usynlegdomskappa[endre | endre wikiteksten]

Usynlegdomskapper er svært sjeldne. Dei gjer den som er under kappa usynleg.

Harry Potter har ei eiga usynlegdomskappe som han har arva frå far sin, Jakob Potter. Harry får henne til jul i Harry Potter og De vises stein i 1991. Det står ikkje kven som har sendt henne, berre «Din far gav meg denne i min varetekt før han døydde, no er det tid for å gje henne til deg. Bruk henne med vit.» Seinare viser det seg at det var Albus Humlesnurr som hadde sendt henne til Harry.

Ukruttkartet[endre | endre wikiteksten]

Framstilling av Ukruttkartet.

Ukruttkartet er eit magisk kart som viser heile Galtvort, medrekna personar; kvar dei er og gjer på. Det blei laga av Luna (Remus Lupus), Ormsvans (Petter Pittelpytt), Tasselabb (Sirius Svaart) og Horn (Jakob Potter). Dei laga det då dei alle fire gjekk på Galtvort i same kull. Harry Potter får ukruttkartet av Fred og Frank Wiltersen i sitt tredje år, då han ikkje har fått tilgang til Galtvang. I boka Harry Potter og Ildbegeret ber Alastor «Galøye» Bister om å låne kartet.

Ved eit høve kjem Harry Potter oppi ein vanskeleg situasjon medan han bruker kartet. Harry skal finne ut den andre prøva på prefektane sitt bad midt på natta, men på tilbakevegen støyter han på Nask og Severus Slur. Harry har på seg usynlegheitskappa, men så kjem professor Bister som kan sjå gjennom usynlegheitskapper. Harry sit fast i eit trappetrinn og kjem seg ikkje av flekken.

Tenketank[endre | endre wikiteksten]

Tenketanken (engelsk Pensieve) er ein steintank med mystiske runer på som innehelde ei væske eller ein gass. I dette objektet kan ein helle minne eller tankar oppi og gjenoppleve dei. Den dukkar først opp i Harry Potter og Ildbegeret, den fjerde boka.

Trollmannskort[endre | endre wikiteksten]

Trollmansskort er kort med kjende trollmenn og hekser som ein kan samle på i trollmannsverda. Ein kjøper dei saman med sjokoladefroskar.

Tryllestav[endre | endre wikiteksten]

Tryllestavar blir brukte til å leia magiske krefter, og er viktige for å utføra kontrollert magi. Stavane er laga av særskilde treslag som eik, hyll eller barlind og har eit magisk materiale i midten, som einhyrninghår, føniksfjører eller hjartesener frå drakar.

Dei fleste borna som skal byrje på Galtvort, kjøper seg ein tryllestav i tryllestavbutikken Ollivanders. Alle tryllestavane er ulike og «det er staven som vel trollmannen, ikkje trollmannen som vel staven». Lengda på tryllestavane er vanlegvis frå ni til fjorten tommar, medan fleksibiliteten fortel kor tilpassingsdyktig og endringsvillig tryllestaven og leiaren er.

Ein tryllestav er bygd opp av ein type tre ytst. Tretypane som brukast til tryllestavar er mellom anna akasie, or, epletre, ask, asp, bøk, slåpetorn og hagtorn. Det er likevel dei færraste treslaga som kan brukast i tryllestavar. Det tar år med erfaring for å finne ut kva for tre som kan brukast til dette, men det er enklare å finne ut dersom det lever Bowtruckles der, ettersom dei aldri buset seg i kjedelege tre.

Kjernen til tryllestaven kan vere laga av til dømes hårstrå frå ein nøkk, men dei mest kjende typane er einhyrninghår, føniksfjører eller hjartesener frå drakar. Einhyrninghår gjev vanlegvis den mest konsekvente magien, og er minst utsett for svingingar og blokkeringar. Dei er også mest trufaste til leiaren sin. Føniksfjører er dei sjeldnaste kjernetypane medan drakehjartesener blir til dei mest kraftfulle.

Tidsvendaren[endre | endre wikiteksten]

Ein tidsvendar.

Tidsvendaren er eit smykke ein elle fleire personar tek rundt seg sjølv for å reise tilbake i tid. Hermine Grang brukar den i sitt tredje år på Galtvort for å rekkje alle timane til skulefaga ho tar. Dette kravde mange brev og godkjenningar av Magidepartementet, sidan det skjer forferdelege ting med dei som forandrar på ting i tida eller blir sett.

Dødstalismanane[endre | endre wikiteksten]

Symbolet for Dødstalismanene.

Dødstalismanane er eit nokså ukjent omgrep for trollmenn og består av tre gjenstandar. Dersom ein eig alle tre gjenstandane, skal ein bli «Herre over dauden» og vere uovervinneleg. Symbolet for dødstalismanane er ein trekant med ein strek og ein sirkel i midten. «Usynlegdomskappa» (trekanten), «oppstandelsesteinen» (sirkelen) og «oldstaven» (streken) er dei tre gjenstandane.

Oldstaven er ein tryllestav, også kjent som Dødsstokken eller Skjebnestaven, er verdas kraftigaste tryllestav. Dersom ein meistrar han, skal ein vere uovervinneleg. Oppstandelsesteinen er ein stein som kan vekkje til live att dei som ein er aller mest glad i, for ei stund.

Malacrux[endre | endre wikiteksten]

«Malacrux» (engelsk Horcrux) er eit omgrep brukt om ein gjenstad som ein har gøymd ein del av sjela si i. Det er kjend som ein vond handling, fordi ein lagar ein malacrux ved drap.

Det er ikkje nokon kjend som har laga fleire enn Fyrst Voldemort. Han laga sju malacruxar i løpet av livet sitt. Dette er ekstremt ifølgje trollmannsverda. Det har vore kjend har enkelte vonde trollmenn har splitta sjela si i to eller kanskje tre delar.

Malacrux Drapsoffer ved handlinga Gøymestad Øydelagt med Øydelagt i Øydelagt av
Tom Vensters dagbok Stønne-Stina Lucius Malfang tok vare på boka Basilisktann I MysteriekammeretGaltvort Harry Potter og Mysteriekammet Harry Potter
[Helga Håsblås' beger Hepzibah Smith I Fligrott i Bellatrix DeMons sin kvelv Basilisktann I Mysteriekammeret på Galtvort i Harry Potter og Dødstalismanene Hermine Grang
Slangen Nagini Bertha Jorkins Ikkje gøymt, men kjæledyret til Voldemort Gudrik Griffings sverd På Galtvort i Harry Potter og Dødstalismanene Nilus Langballe
Dredolo Mørchs ring Tom Venster Senior (far til Voldemort) Mørch-huset i Harry Potter og halvblodsprinsen Gudrik Griffings sverd Mørch-Huset Albus Humlesnurr
Ravnklos diadem Ein albansk bonde I Nødvendighetsrommet på Galtvort Ei basilisktann og ein formel med Satanstunger På Galtvort i Harry Potter og Dødstalismanene Vincent Krabbe
Smygards medaljong Ein gompelandstrykar I ei hule ved havet Gudrik Griffings sverd Ein skog i England i Harry Potter og Dødstalismanene Ronny Wiltersen
Harry Potter Forsøk på å myrde Harry Potter Ikkje gøymd Trylleformelen Avada Keadavra Den forbudte skog i Harry Potter og Dødstalismanene Lord Voldemort

I boka Harry Potter og Dødstalismanene[endre | endre wikiteksten]

Harry, Ronny og Hermine høyrer fyrst om Dødstalismanane når Hermine les «Historien om dei tre brørne», eventyret som skal vere basert på dødstalismanene. Xenofilius Lunekjær fortel samanhengen mellom dødstalismanane, symbolet for dødstalismanane og eventyret. Hermine har oppdaga symbolet fleire andre stader og føreslo å besøkje Xenofilius då Harry nevnte at han hadde sett Xenofilius bere symbolet på ei halskjede under eit bryllaup.

I den same boka testamenterer Albus Humlesnurr den fyrste gullsnoppen Harry fanga, til han. Mot slutten av boka viser det seg at oppstandelsesteinen er gøymt inni. Før Harry møter Voldemort og let seg sjølv drepast, brukar han steinen til å vekkje opp Lilly Potter, Jakob Potter, Sirius Svaart og Remus Lupus frå dauden ei stund. Dei snakkar med Harry om å døy og følgjer han når han møter Voldemort i den forbodne skogen.

Eliksirar[endre | endre wikiteksten]

Dei levande daudes drikk[endre | endre wikiteksten]

Ein sovedrikk som er så kraftig at den heiter den levande daudes drikk. Den er veldig vanskeleg og bryggje. Harry bryggjer drikken i Harry Potter og Halvblodsprinsen. Dette er fyrste gongen han får hjelp frå halvblodsprinsen til å bryggje ein eliksir.

Felixir[endre | endre wikiteksten]

Felixir (engelsk: Felix Felicis) blir fyrste gong introdusert i Harry Potter og Halvblodsprinsen, og er ein eliksir som gjer den som drikk den flaks over ein periode. Namnet, som mange andre ting i Harry Potter-bøkene, er av latinsk opphav, og «felix» kan omsetjast til «lykke».

Polyksir[endre | endre wikiteksten]

Polyksir er ein eliksir som blir brukt til å forandre utsjånaden til ein person slik at han blir lik ein annan. Verknaden varer i ein time. Eliksiren er veldig krevjande å lage. Mellom anna er ingrediensane boomslangeskinn, pulverisert bihjørningshorn og ein bit frå personen dei vil forvandle seg til. Hårstrå er det mest brukte.

Eliksiren kan ikkje brukast til å forvandle seg til eit dyr, eit forsøk på ei slik forandring kan føre til ein ukontrollert, delvis forvandling til dyret. Namnet er tatt frå ordet polymorf (som indikerer formendring) og eliksir.

Elskovsdrikk[endre | endre wikiteksten]

Elskovsdrikk er ein kjærleiks-eliksir. Når ein drikk eliksiren vil ein bli veldig oppteken og avhengig av personen. Ekte kjærleik eller forelsking ville vore umogleg å lage. Drikken gløder rosa, og skil ut ei eiga duft etter kva kvar einskild person finn tiltrekkjande. Elskovsdrikken er forboden på Galtvort.

Verifiserum[endre | endre wikiteksten]

Verifiserum er ein eliksir som har egenskapar likt eit sanningsserum. Tre dropar verifiserum kan tvinge den som drikk det til å fortellje sine inste løyndommar. Det finst fleire måter å motstå verknaden på, mellom anna gjennom psykoblokk, noko som gjer verifiserum ubrukeleg som eit middel for å framskaffe bevis eller tilståelsar i rettssaker og liknande.

Det norske namnet kjem av ordene verifisere og serum. Det originale namnet er «veritaserum», der veritas er latin for sanning.

I bokserien er verifiserum brukt av mellom anna Venke Dolorosa Uffert (som brukar det for å få Harry til å fortellje ho kvar Sirius Svaart oppheld seg, men Harry nektar å drikkje teen ho hadde blanda ut verifiserumet i) og av Albus Humlesnurr (som brukte det for å avhøyre Bart Kroek jr., som på det tidspunktet var forkledd som Galøye Bister).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]