Utulik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Utulik
elv
Utulik River 02.jpg
Land Flag of Russia.svg Russland
Lengd 90 km
Middelvassføring 30 /s
Munning Bajkalsjøen
Wikimedia Commons: Utulik River

Utulik (russisk Утулик) er ei elv i republikken Burjatia og Irkutsk oblast i Russland og munnar ut i Bajkalsjøen ved Khamar-Daban.

Elva har størst vassføring om sommaren, i juli er middelvassføringa 46,5 m³/s, medan middelvassføringa året gjennom er 30 m³/s. Den gjennomsnittlege hellinga til elva er 7,7 meter per kilometer.

Utulik er ei populær turistelv, både turar på stiar langs elva og rafting på sjølve elva. Elva har meir enn 100 stryk.

Av sideelvar til Utulik finn ein Bystryj Kljutsj, Bolsjoj Solbakh, Kornilova, Golaja, Spuskovaja, Pal, Plisjatkina, Mjasnikova, Berjozovyj, Ovrazjnyj og Sosnovka frå venstre, samt Prjamoj, Subutyj, Sjibutuj, Pad Grukhaja, Rassokha og Severnyj Aleksejevskij frå høgre.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]