Utvälinge

Koordinatar: 56°12′56.696″N 12°46′46.366″E / 56.21574889°N 12.77954611°E / 56.21574889; 12.77954611
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

56°12′56.696″N 12°46′46.366″E / 56.21574889°N 12.77954611°E / 56.21574889; 12.77954611 Utvälinge er ein tettstad i Helsingborgs kommun i Skåne län i Sverige. I 2005 hadde tettstaden 213 innbyggjarar. Staden ligg ved utløpet til Vegeån i Skälderviken, og er den nordlegaste busetnaden i Helsingborgs kommune.

Dagens busetnad stammer i stor grad frå byrjinga av 1900-talet, og består utelukkande av einebustader. Mot Skälderviken ligg det eit hyttefelt som blei utbygd frå 1950-talet.

Ein har funne ein del fornminne frå steinalderen fram til vikingtida, og staden har truleg vore busett sidan forhistorisk tid. Ein kapellruin frå mellomalderen i den austlege utkanten av Utvälinge viser spor frå den eldre historia til staden. Utvälinge er ein av dei såkalla «tegelbyarna» i nordre Helsingborgs kommune. Like vest for Vegeåns utløp blei det i 1870 oppretta eit teglverk.

Utvälinge grensar til eit naturreservat ved Vegeåns utløp. Det strekker seg frå kystlinja over dei to øyane utanfor, Sandön og Själrönnen, med omkringliggande vatn inkludert. Det grunne vassområdet med store vassnivåskilnader, saman med sandstrendene og mudderbankane ved elvemunningen gjer staden gunstig for vadefuglar, og er eit av dei mest variasjonsrike fuglelokalitetene i det nordvestre Skåne.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Helsingborgs stad (2002), Översiktsplan för Helsingborgs stad, ÖP 2002. Helsingborg.
  • Helsingborgs lokalhistoriska förening (2006), Helsingborgs stadslexikon. Helsingborg: Helsingborgs lokalhistoriska förening. ISBN 91-631-8878-3