Utvær fyrstasjon
Utsjånad
| Utvær sett frå Fedje på ein klår dag. Avstanden er 32 km. | |||
| Fylke | Vestland | ||
|---|---|---|---|
| Kommune | Solund | ||
| Funksjon | Kystfyr | ||
| Oppretta | 1900 | ||
| Koordinatar | 61°02.23708′N 4°30.5925′E / 61.03728467°N 4.5098750°E | ||
| Fyrtårn | |||
| Høgd | 31,0 | ||
| Form | Raudt tårn | ||
| Byggjemateriale | Støypejern | ||
| Fyrlys | |||
| Lyskarakter | Lysglimt kvart 30. sekund | ||
| Lyshøgd | 45 moh. | ||
| Lysvidde | 18,6 nm | ||
| Status | |||
| Eigar | Staten ved Kystverket | ||
| Automatisert | 2004 | ||
| Avfolka | 2004 | ||
| Vernestatus | Freda etter lov om kulturminne | ||
![]() Utvær fyrstasjon 61°02′13″N 4°30′36″E / 61.0369°N 4.51°E | |||
Utvær fyrstasjon er det vestlegaste fyret i landet og ligg ved fiskeværet Utvær i Solund kommune i Vestland på nordsida av innløpet til Sognefjorden.
Fyrtårnet er 31 meter høgt i støypejern og er farga heilt raudt. Eit lite bifyr i støypejern står på ein betongcisterne. Hovudtårnet vart sterkt skadd under eit flyåtak i 1945 og ein stor del av bygningane rundt tårnet brann ned. I 1948 fekk fyret nytt lyktehus og eit 3. orden blinkapparat som framleis er i drift.
Fyrstasjonen inneheld maskinhus, bustader og uthus tett ved fyrtårnet, samt naust, landing og tufter etter tidlegare fellesbustad. Området som fyrstasjonen ligg i er verna som naturreservat etter lov om naturrvern, medan sjølve fyrstasjonen er freda etter lov om kulturminne.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Norsk fyrliste 2008» (PDF). Kystverket. 2008. s. 245. Arkivert frå originalen (PDF) 19. juli 2011. Henta 3. mars 2021.
- «Utvær fyrstasjon». Norsk Fyrhistorisk Forening.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Utvær fyrstasjon i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
