Nyland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Uusimaa)
Nyland
Uudenmaan maakunta
landskap
Symbol
Land  Finland
Hovudstad Helsingfors
Areal 9 568,85 km²
Folketal 1 704 607 (januar 2021)[1]
Dyr Piggsvin
Kart
Nyland
60°15′N 24°30′E / 60.25°N 24.5°E / 60.25; 24.5
Wikimedia Commons: Uusimaa

Nyland (finsk Uusimaa) er eit landskap i Finland som høyrer til Södra Finlands län og ligg ved kysten langs Finskebukta. Det historiske Nyland frå tida då Finland var ein del av Sverige omfatta eit større område som i dag er delt mellom Nyland, Östra Nyland og Kymmenedalen (Kymenlaakso).

Nyland, særleg kysten, har tradisjonelt vore svenskspråkleg område, men etter at Helsingfors vart hovudstad i Finland har finsk vorte majoritetsspråk i Helsingfors og byane rundt.

Nyland er det landskapet i Finland med høgast folketal, og det flytter om lag 100 000–200 000 menneske dit frå andre delar av Finland i året. Omtrent kvar fjerde finne bur i Nyland.

Bruttonasjonalprodukt i Nyland var i 2003 til saman 43 747 millionar euro. Næringslivet er dominert av tenesteytande næringar. Industrien er konsentrert langs Ring III, ein av ringvegane rundt Helsingfors, langs jarnvegen nordover og langs kysten vestover er områda med mest industri. Nyland har også mykje jordbruk.

Kommunar[endre | endre wikiteksten]

Sidan 1. januar 2013 har Nyland omfatta 26 kommuner, halvparten av dei har bystatus. Bynamna er skrivne med halvfeite typar. 15 kommunar er offisielt tospråklege. Resten er einspråkleg finske.

 

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Nyland