Uynarey

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Uynarey er ei øy i Shetlandsøyane i Yell Sound, like nord for Bigga og aust for Brother Island. Ho er eit fuglereservat.[1]

Namnet har norrønt opphav og tyder 'ærerik øy'. Dette kan syne til at ho har hatt samband med irske munkar.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Det ligg ei lita vik på austsida av øya, Haa Geo, og ei grotte i vest. Nordenden vert kalla the Niv. Øya er om lag 800 meter lang.

Berggrunnen består av gneis og kvartsitt. Øya har bratte sider og er kring 30 meter høg.

Koordinatar: 60°30′N 01°12′W

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Haswell-Smith, Hamish. (2004) The Scottish Islands. Edinburgh. Canongate.