Vágar i Hålogaland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Vágar i Hålogaland (norrønt Vágar, fleirtal av Vágr tyder vågane, vikene) var den første kjøpstaden, kaupangen, nord for Trondheim i mellomalderen og eit økonomisk og kulturelt senter i Hålogaland frå rundt år 1100 til 1400. Vágar er knytt til omgrepa Vågastemne, Vågafisket og Vågaboka frå same periode. Senteret låg i dagens Storvågan, ein kilometer vest for sentrum i Kabelvåg i Lofoten. Vågan kommune har namn etter staden.

Fangst- og fiskeribusetnad[endre | endre wikiteksten]

Sesongfisket etter skrei tok til i Lofoten tok til langt tilbake i tid, men vi veit ikkje når. Rundt år 875 sendte Torolv Kveldulvsson folk frå Sandnes på Helgeland nord til Vágar på skreifisket, det som seinare blei nemnt som Vågafisket og Lofotfisket. Lenge før den tid kan Vágar ha vore ein fangst- og fiskeribusetnad. Frå kring år 1000 fekk fisket ein monaleg økonomisk verdi som eksportvare til Europa og frå ca år 1200 kom det i gang stor handel med tørrfisk i Vágar.

Kjøpstad[endre | endre wikiteksten]

Om Vágar var å rekne som ein urbanisering eller berre ein kjøpstad i sommarsesongen er ikkje klart. Folkesetnaden har vore estimert ut frå arealet på 20 mål som indikerer at minimum fem maksimum 25-30 husstandar var bufaste, og på den tida var kvar husstand ca 10 – 15 menneske. Ein trur hamneområdet hadde bustader, verkstader, lager og rorbuer. Der var låge hus bygd av stein og torv. Men først og fremst var tettstaden ein marknadsplass som voks samstundes med auke i tørrfiskhandelen. Til byte for tørrfisk kom handelsvarer både frå sør og nord. Alle typar varer kom hit, matvarer, forbruksvarer og luksusvarer frå utlandet. Handelsverksemda om sommaren fekk namnet Vågastemnet.

Ikkje berre handelsmenn, bønder og fiskarar hadde interesser i Vågastemnet, men også kyrkja og kongen. Tidleg på 1100-talet fekk Vágar den første kyrkja som kong Øystein I Magnusson har fått æra for. Ho vart truleg bygd der kor «Lofotkatedralen» ligg i dag, i Kjerkvågen, ca 2 km aust for Storvågen. Både kyrkje- og kongemakta etablerte seg i Vágar for å skøyte rettane sine til fisketienda som var delt mellom kyrkja og krona.

1200- og førstninga av 1300-talet føregjekk den økonomiske blomstringstida på kjøpstaden. Ennå i 1335 var staden eit sosialt og økonomisk senter. Men fallet kom snøgt, ikkje lenge etter, utover 1300- og 1400-talet vart det meir og meir vanleg at tørrfisken blei skipa ut frå produksjonsstader utan å gå vegen om Vágar. Vágar mista då posisjonen sin som kaupang og Vågastemnet kom bort ein gong på 1400-talet. I dag er det ikkje anna igjen frå kjøpstaden enn det ein finn med arkeologiske utgravingar.

Tinget på Brurberget[endre | endre wikiteksten]

Vágar hadde eiget ting på Brurberget like aust for hamna, kor frie menn treftest, gav lover, og sa dom. Det var ei eige lovbok i bruk, Vågaboka, som var rådande helt fram til år 1282. Stadnamnet tyder også på eit førkristent hov i område. Det var her Tore Hund i 1027 måtte stå til rette for eit drap som hende på ei Bjarmelandsferd.

Det har vore to ulike tolkingar av statusen åt Vågaboka:

  • Lovsamling for heile Hålogaland, med andre ord tinget på Brurberget var lagting fram til det blei flytta til Steigartinget rundt år 1400 – eller
  • Ei lovsamling med uformell rettsstatus, og berre for fisket og verksemda ved Vágar.

Kjelder til kunna om Vágar[endre | endre wikiteksten]

Skriftlege[endre | endre wikiteksten]

Arkeologiske[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]