Vágsfjørður

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Vágur og Vágsfjørður

Vágsfjørður er den nest lengste fjorden på SuðuroyFærøyane. Fleire bygder ligg kring fjorden, mellom anna Vágur, som ligg inst i vågen og er på båe sider av fjorden, men med største delen på nordsida av fjorden. Bygda Porkeri ligg lengst ut på den nordre armen av Vágsfjørður. Mellom Porkeri og Vágur ligg den lille bygda Nes som høyrer til Vágs kommuna.

Núpurin skil Vágsfjørður i to mindre fjordar. Den sørlege delen vert kalla Lopransfjørður. Inst i Lopransfjørður ligg bygda Lopra. Austanfor Lopra rett over bygda Nes ligg bygda Akrar.

Vágur på nordre arm av fjorden og delar av Vágsfjørður
Vágur, Vágs Havn og Vágsfjørður

Vágs Havn[endre | endre wikiteksten]

Vágs Havn er ei hamn på den nordre sida av Vágsfjørður, midt i Vágsbygd. Ho er 10-15 meter djup og fungerer som hamn for fleire fiskeriføretak, mellom anna føretaka flakavirki og alivirki. [1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Vagur.fo

Lenkjer[endre | endre wikiteksten]