Vánočka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vánočka

Vánočka (tsjekkisk) eller vianočka (slovakisk) er eit søtt flettebrød som tradisjonelt blir laga til jul i Tsjekkia og Slovakia. Det blir bakt med mykje egg og smør, som brioche, og kan også ha sitrusskal, anis, rom, rosiner eller anna tørka frukt og mandlar i deigen. Brødet har namn etter jul, som heiter vánoce på tsjekkisk og vianoce på slovakisk.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Spesielle julebrød som var fletta eller kileforma blei omtalte rundt 1400 av benediktinarmunken Jan av Holešov i hans avhandling om jula. Han tolka brødet som eit symbol på jesusbarnet sveipt i klede.[1]

Vánočka blei omtalt på 1500-talet som ei matvare berre bakarar som tilhøyrde eit laug fekk lov til å laga. På 1700-talet byrja folk å laga brødet heime.[2]

Tillaging[endre | endre wikiteksten]

Vánočka før steiking

Vánočka er ein gjærdeig laga med smør, sukker, eggeplommer og mjølk. I tillegg kan ein tilsetja sitronskal, vanilje, stjerneanis, muskat, rosinar og mandlar. Før steiking glaserer ein brødet med egg.[2]

Brødet kan flettast med ulike tal delar. Ein kan bruka tre deigtrådar som blir gradvis tynnare, men kan også fletta med fleire trådar, som fem, seks eller ni.[3]

Skikkar[endre | endre wikiteksten]

Oppskoren vánočka

Vánočka blir rekna som vanskeleg å baka. Det finst ulike skikkar knytt til tillaginga, som at ein må unngå å røra deigen med metall, ha på eit kvitt forkle og hovudtørkle, ikkje kan snakka under bakinga,[4] eller at ein skal hoppa opp og ned medan deigen hevar. Ein annan skikk er å tenka på alle ein er glad i under bakinga. Ein kunne også baka inn ein penge i brødet.[2] Dersom brødet brende eller blei brote var det eit dårleg teikn.[2]

Når brødet var klart skulle ein gjerne gje det første stykket til husbonden for å få god kornavling neste år. Nokre stader kunne ein også gje bitar av brødet til husdyr for å verna dei mot sjukdom og vonde makter. Elles var det vanleg å servera stykke av brødet etter julemiddagen julaftan. Den som fant pengen i brødet ville få lukke og god helse i det komande året.[2]

Liknande rettar og variantar[endre | endre wikiteksten]

Brødet kan minna om andre austeuropeiske søte brød, som jødisk challah, polsk chałka eller ungarsk fonott kalacs.[5]

Brød av same type deig, men ulik form, blir laga til påske. Desse blir kalla mazanec eller velikonoční bochánek.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Výbor z české literatury od počátků po dobu Husovu (PDF) (på tsjekkisk). Henta 9. februar 2018. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 «Vanocka Recipe». Radio Prague - the international service of Czech Radio. Henta 20. februar 2017. 
  3. Eric P. Martin (25. desember 2004). «Vanocka: Czech Christmas bread done right». Radio Praha. Henta 9. desember 2018. 
  4. «Vanocka - Vánoèka - Czech Christmas Bread». Arkivert frå originalen 1. september 2010. 
  5. «How to Make Czech Braided Christmas Bread (Vanocka)», The Spruce Eats, henta 9. desember 2018 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]