Väinö Linna
| Väinö Linna | |
Vaino Linna på tur i Florida i 1963. | |
| Statsborgarskap | Finland |
| Fødd | 20. desember 1920 Urjala |
| Død |
21. april 1992 (71 år) |
| Yrke | skribent, prosaforfatter |
| Språk | finsk |
| Prisar | Kalevi Jäntti-prisen, Nordisk råds litteraturpris, Jussi-prisen, Aleksis Kivi-prisen, storkors av Finlands løves orden, kommandør av Finlands løves orden, Frihetsmedaljen, Frihetsmedaljen, Vinterkrigens minnemedalje, Memorial medal of the Continuation War |
| Väinö Linna på Commons | |
Väinö Valtteri Linna (20. desember 1920–21. april 1992) var ein finsk forfattar fødd i Urjala.[1]
Väinö Linna er fremst kjend for romanen En ukjent soldat,[2] som kom ut som Tuntematon Sotilas i 1954. Romanen skildrar finske framhaldskrigen (frå 1941 til 1944) frå synsvinkelen til ei gruppe frontsoldatar.
1959–62 gav Linna ut sitt andre storverk, ein trilogi innehaldande titlane Högt bland Saarijärvis moar, Upp trälar og Söner av ett folk. Denne serien skildrar småbrukarane sitt liv i Finland frå slutten på 1800-talet til midten på 1900-talet gjennom slekta Koskelas lagnad. For dette vart Linna tildelt Nordisk råds litteraturpris i 1963.[3]
Det er vanskeleg å overvurdere verknadene av Ukjent soldat og Saarijärvi-triologien på det finske etterkrigssamfunnet. Etter borgarkrigen var det finske folket eit splitta folk, og vinterkrigen påverka det finske samfunnet i tiåra etterpå. Linna klarte som ingen annan å setje ord på opplevingane det finske folket hadde gått gjennom, kanskje særleg for dei som elles ikkje kom til orde i det finske samfunnet.
Prisar og utmerkingar
[endre | endre wikiteksten]- 1949 – Kalevi Jäntti-prisen
- 1960 – Aleksis Kivi-prisen
Bibliogafi
[endre | endre wikiteksten]- Päämäärä, 1947 ('Mål')
- Musta rakkaus, 1948 ('Svart kjærleik')
- Messias, 1949-53, ikkje utgjeve
- Tuntematon sotilas, 1954. Omsett til norsk som Ukjent soldat (1956)
- Täällä Pohjantähden alla, 1-3, 1959-1962 ('Høgt under Nordstjerna'). Omsett til norsk som Høyt mot nord, Opprør og Sønner av et folk (1960-63).
- Oheisia, 1967
- Murroksia, 1990 ('Brytningar')
- Kootut teokset I-VI, 2000 ('Samla verk')
- Sotaromaani, 2000 ('Krigsroman')
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Väinö Linna», Biografiskt lexikon för Finland, henta 28. februar 2016
- ↑ Sirpa Kähkönen. «Krigslitteratur: Krigens påvirkning går så langt. Derfor må vi fortsette å skrive om den. Hemmelige minner». 2018-04-28. Klassekampen. S. 7
- ↑ «1963 Väinö Linna, Finland: Täällä Pohjantähden alla 3». Nordiskt samarbete.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- «Väinö Linna» i Store norske leksikon, snl.no.
- Verk av Väinö Linna ved nb.no
- Publikasjonar av Väinö Linna i BIBSYS
- Engelsk biografiside Arkivert 2003-12-06 ved Wayback Machine.