Väinö Muinonen
Utsjånad
Väinö Muinonen | |
Statsborgarskap | Finland |
Fødd | 30. desember 1898 Villmanstrand |
Død | 10. juni 1978 (79 år) Imatra |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 1936 |
Väinö Viktor Muinonen (30. desember 1898–10. juni 1978) var ein finsk langdistanseløpar frå Lauritsala i Södra Karelen som i 1938 vart europameister i maratonløping.
Muinonen vart femtemann i maratonløpet under dei olympske sommarleikane 1936 i Berlin. To år seinare vann han gullmedaljen på distansen ved europameisterskapen i Paris. I den fyrste internasjonale meisterskapen etter andre verdskrigen, friidretts-EM i Oslo, sikra han seg sølvmedaljen i maraton, 13 sekundar føre Jakov Punko frå Sovjetunionen, hans eigen landsmann Mikko Hietanen vann løpet og syrgde for at den finske dominansen i maraton heldt fram, til dess sprang finske løparar inn til siger i maraton under europameisterskapane.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]- Sommar-OL 1936 i Berlin: Nr 5 – 2.33.46
- EM 1938 i Paris: Gullmedalje – 2.37.28, framom Squire Yarrow (2.39.03)
- EM 1946 i Oslo: Sølvmedalje – 2.26.08, bakom Mikko Hietanen (2.24.55)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Väinö Muinonen» frå Wikipedia på tysk, den 25. august 2018.
- Denne artikkelen bygger på «Väinö Muinonen» frå Wikipedia på finsk, den 25. august 2018.