Västerås

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 59°36′55.217″N 16°33′0.78120″E

Kart over Sverige der Västerås er markert med raudt

Västerås er ein by i Sverige. Byen Västerås ligg i Västerås kommun, i landskapet Västmanland. Västerås er administrasjonsstad for länet Västmanlands län og for Västerås kommune. Byen er òg stiftsby i Västerås bispedøme. Västerås er femte største by i Sverige med 107 005 innebyggjarar (2005).[1]

Västerås vert kalla Mälarbyen og - humoristisk - Agurkbyen. Agurk har vore dyrka i Västeråsområdet sidan 1700-talet. I gamal tid heitte byen Westra Aros. Aros tyder elveos og namnet siktar til den vetle elva Svartån som renn gjennom byen og ut i innsjøen Mälaren.

Bybilete[endre | endre wikiteksten]

Byen sine sentrale strøk er sort sett uendra sidan mellomalderen.[2]. Områda langs Svartån og nord for domkyrkja vert prega av gamle hus og bygardar, mange av dei er lafta eller er bygd med bindingsverk. Domkyrkja stammer frå 1100-talet. Bispegarden og den såkalla konsistoriegarden er begge bygd i mellomalderen. Västerås slott frå 1200-talet vart opphavleg bygd som eit forsvarsverk. Etter at slottet brann i 1737, vart det gjenreist under arkitekten Carl Hårleman si leiing.

Erik Hahr var byarkitekt i Västerås i åra 1909-1935. I denne perioden tok industrialiseringa til å prege byen. Den viktigaste nye verksemda i byen var ASEA, Allmänna Svenska Elektriska Aktiebolaget. Ei rekkje moderne bygg vart reist, til dømes Västerås rådhus komplett med eit klokketårn, teikna av Sven Ahlbom Dei sentrale delane av Västerås er utforma med gågater og torg. Torghandel går føre seg heile sommaren. Fleire gamle hus som tidlegare stod i bykjernen har vorte flytta til folkemuseet Vallby friluftsmuseum.

Bysoge[endre | endre wikiteksten]

Byen fekk sitt segl i sluten av 1200-talet. Byen vart grunnlagd i 990. Allereie i vikingtida var Westra Aros med ein handelsplass ved Svartån si munning.

I byrjinga av 1000-talet var Västerås Sveriges nest største by. På 1100-talet vart byen utpeikt till stiftsby. På 1200-talet vart det bygd eit kloster på Munkholmen og ved innlaupet til byhamna fanst ei mindre festning. I samband med at tyske piratar gjekk til åtak mot Västerås i 1390 brann byen ned.

Gustav Vasa si tid[endre | endre wikiteksten]

I 1501 blei Västerås slott kringsett av Sten Sture den eldre. I 1511 gjekk danskekongen Kristian inn i Västergötland. Västeråsbispen Otto Olavi (Svinhufvud) forhandla med danskane. Otto blei etter kvart skulda for å gå danskane sitt ærend og han blei arrestert i domkyrkja og etterpå sperra inne på slottet. Danskane inntok slottet i 1520, fridde bispen og tok han med seg til Stockholm. I 1521 kom det til samanstøytar mellom Gustav Vasa og styrkane frå Dalarna på den eine sida og danske styrkar på den andre. Dette slaget om Västerås vart skildra i Peder Swart si krønike frå 1560. Peder Swart var sjølv bisp i Västerås ei tid. På Västerås slott fann riksdagen stad i 1527, då riksmøte mellom anna vedtok å avskaffe katolisismen i Sverige.

Venskapsbyer[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Statistikk frå Statistiska Centralbyrån
  2. BBL Bra Böckers Lexikon; 3. utgåva, 1990