Västra stambanan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Loaltog på Västra stambanan i Göteborgområdet.
Västra stambanan i Jonsered.

Västra stambanan (VSB eller WSB) er namnet på jarnbana mellom Stockholm og Göteborg i Sverige. Jarnbana vart bygd av den svenske staten på midten av 1800-talet og gjekk opphavleg frå Stockholms södra station («Stockholm S»). Ho vart snart forlengd nordover over den såkalla Sammanbindningsbanan til Stockholms centralstation («Stockholm C»), og går via Södertälje, Flen, Katrineholm, Hallsberg Laxå, Skövde, Falköping, Herrljunga og Alingsås fram til Göteborgs centralstation («Göteborg C»). Bana kryssar Göta kanal i Töreboda.

Bana er 455 kilometer lang og vart ferdig i perioden 1856–1862. Frå 1958 har det vore dobbeltspor på heile strekninga. Seinare har det vorte bygd fire spor på ei strekning i Stockholmsområdet, els som eige bane, og ei i Göteborgsområdet. Sporvidda er 1435 millimeter (normalspor), og det har vore elektrisk drift på bana frå 1926. Største vanlege fart er 250 km/t.

For det meste går bana i flatt terreng, og utanom strekningane nærast endestasjonane er ho utan mange svingar. Bana vart retta ut her og der i samband med at ho vart utvida til dobbeltspor på fyrste halvparten av 1900-talet, men er framleis etter måten svingete på strekningane mellom Allingsås og Göteborg og mellom Södertälje og Stockholm S. I 1990 vart Västra stambanan den fyrste bana i Sverige for persontog med særs høg fart.

Bana er sterkt trafikkert, særleg i Göteborg- og Stockholmsområdet, der lokaltrafikk kjem i tillegg til langdistansetoga og godstoga.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]