Vågå Idrettslag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Vågå Idrettslag er eit idrettslag heimehøyrande i Vågå i Innlandet. Laget vart skipa i 1919 og var ved 100-årsjubileet aktivt med i fotball, handball, skiidrett og turn. Laga til Vågå IL spelar i gule trøyer og elles blått. Tidlegare stod også skeiseløp på programmet til idrettslaget.

I 2010 deltok Vågå IL sitt fotballag på nivå 7 i seriesystemet. 1984-årgangen av laget deltok i noregsmeisterskapen, der Vågå i 1. runde fekk besøk av Sogndal IL, eit av topplaga i 2. divisjon. Kampen enda med siger 6-0 til gjestelaget.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]